Desse karane kan feire at dei er best i fylket

Desse karane kan feire at dei er best i fylket

FYLKESMEISTER: Etter å ha slått Sogndal laurdag, Årdalstangen/Jotun G16 kalle seg fylkesmeister. Foto: Privat.

Med siger over Sogndal kan Årdalstangen/Jotun G16 kalla seg fylkesmeister.

Årdal: 16-åringane frå Årdal måtte slå Sogndal laurdag for å kunne kalle seg fylkesmeister. Etter ei litt nervøs og jamn opning på kampen, tok gjestane frå industribygda etter kvart ei tomålsleiing.

FYLKESMEISTER: ÅTIL/Jotun G16 kan stolt kalle seg det etter sigeren mot Sogndal laurdag. 

Til pause var det likevel berre det eine målet som skilte laga på 13-12, og då Årdalstangen/Jotun kom under, tok trenarane Benjamin Neset og Marianne Hollevik time-out på 15-14.

Det såg ut til å fungere for no var det dei blå som tok føringen og gjekk opp i 21-15.  På tampen reduserte sogndølene med to, men rett før slutt fastsette gjestane sluttresultatet til 22-17.

Etter jubelscenene greidde gutane, som har spelt ilag sidan barneidretten, å halde på fokuset og slo også Haugen/Eid 2 22-26 på Leikanger. Neste helg spelar karane heime i Tangenhallen.