Edin Øy (19): – Eg har lyst til å spele eliteseriefotball​

Edin Øy

NY SESONG, NYE AMBISJONAR: Edin Øy har eit klart mål for årets sesong og det er å få spele så mange minutt i eliteserien som mogleg. 

Etter årets første økt gjorde den talentfulle årdølen det klart at han ikkje er nøgd med å vere stallfyll.

Sogndal: Fem minutt for Koomson i siste serierunde mot Aalesund var alt Edin Øy fekk av speletid førre sesong. Når han startar oppkøyringa til ein ny sesong er det med ambisjonar om spele seg inn på laget.

– Eg har lyst til å spele eliteseriefotball. Det er difor eg trenar så hardt som eg gjer. Med målretta arbeid og viss eg står på kvar dag, så trur eg at eg vil få sjansen, seier Øy.

Les også: No skal han leggje spelarkabalen for komande sesong
Les også: Koomson: Dei snakkar framleis, ingenting er avgjort

Trur på eigne ferdigheiter

I går hadde Sogndal si første økt etter ferien. For midtbaneeleganten frå Årdal var ikkje det ein dag for tidleg.

– Det var ei roleg økt i dag, men godt å komme i gang. Det er lenge sidan eg har sett lagkameratane mine, seier han.

Heile seks spelarar har forlate klubben sidan sesongen slutta i november, medan tre nye har kome inn. Øy vil ikkje spekulere i om han er noko nærare startellevaren no enn på same tid i fjor, men gjentek kva som må til for å nå måla han har sett seg.

– Eg har tru på mine kvalitetar og at eg har noko å fare med. Det er noko eg berre må fortsette å ha. Så lenge eg står på og jobbar hardt, så trur eg moglegheitane kjem.

Vil ikkje snakke om utlån

Vårsesongen var Edin Øy på utlån til Førde, der han spelte ti kampar og scora eitt mål. Han spelte mellom anna frå start i den historiske cupbragden mot Brann.

Kor sannsynleg det er med eitt nytt utlån denne sesongen vil ikkje årdølen seie noko om.

– Akkurat no er eg berre innstilt på å spele meg inn på laget, seier han.

– Det eg har lyst til er å spele for Sogndal. Det er her eg har lyst til å vere.