Ein av dei kan sette ein heilt spesiell rekord i VM

Sterk trio på EM i benkpress

STERK TRIO: Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete representerer Sogndal idrettslag under VM i benkpress i Lituaen neste veke. Foto: arkiv.

Berre elleve personar i Norge har løfta over 300 kilo i benkpress, ingen av dei med under hundre kilo i kroppsvekt. Roger Navarsete frå Sogndal kan bli den første.

Sogndal: Tre utøvarar frå Sogndal idrettslag deltek når VM i benkpress startar i neste veke.

– Eg er så klar som eg kan bli, har trent bra og hatt nokre tunge økter som har gått fint. Eg er sterk om dagen, seier Roger Navarsete, som saman med Tommy Navarsete og Fredrik Eskil Myrvang set kursen mot arrangementsbyen Kaunas, den nest største byen i Litauen.

For førstnemnde er ei magisk grense og ein temmeleg prestisjefull rekord innan rekkevidde:

Les også: Her har det enno ikkje heilt gått opp for sogndølen at han har teke EM-bronse
Les også: Denne trioen har skumle planar før NM i benkpress

Vil prøve seg på 300 kilo

Det er fire år sidan han løfta 237,5, i same byen. No er persen altså 290 kilo. Med formen på plass er 300 kilo innan rekkevidde.

– Det er rart å tenke på, men det viser at det går faktisk framover.

På det same stemnet løfta systrendingen Dag Andrè Mo for første gong over 300 kilo. Med ei kroppsvekt som akkurat bikka hundre kilo er han den lettaste i Norge til å greie det.

Viss Navarsete når draumegrensa i VM blir han den første i Norge som løftar 300 kilo med ei kroppsvekt (godt) under hundre kilo.

– Viss eg får godkjent dei to første løfta, så vil eg prøve. Det ville ha vore litt artig å greie det, seier Navarsete.

– Heilt hinsides høgt nivå

I eit EM ville dei alle tre ha vore medaljekandidatar, men det er enno eit stykke opp når alle dei beste i verda er med. Roger Navarsete er ranka midt i feltet på 14-15 utøvarar i klassen under 93 kilo. Mannen foran han på lista har løfta 305 kilo, femten kilo meir enn persen til sogndølen.

– Det er eit heilt hinsides høgt nivå i den klassen. Eg løfter mot meg sjølv og har ingen ambisjonar om pallen. Der må du fort ha 320 kilo og oppover for å ha ein sjanse, seier Navarsete.

– Så lenge eg løftar meir enn Tommy, så er eg nøgd, seier han og sender eit stikk til søskenbarnet som løftar i same klasse.