Flo sørga for ein pangstart på sesongen for Fjøra

Flo sørga for ein pangstart på sesongen for Fjøra

MÅLSCORAR: Mathias Flo scora årets første seriemål

Mathias Flo blei kampens einaste målscorar då han sikra Fjøra ein sterk siger i sesongens første oppgjer i Regionligaen.

Fjøra – Ålesund 2 1-0

Sogndal: Då timen var spelt på Fosshaugane Campus, sette Flo inn det som var den einaste scoringa i oppgjeret mot Ålesund 2 onsdag kveld.

Dermed har Fjøra, som med nebb og klør kjempa seg til ein plass i 3. divisjon i fjor, fått ei pangopning på årets sesong. 

– Det var fint forarbeid på høgrekant, og så sprett ballen ned føre meg. Då er det berre å slenge fram foten, så går han som oftast inn, seier målscoraren til Porten.no etter kampen.

Artikkelen held fram under biletet.

IVRIG: Trenar Håvard Hatle gir instruks til laget

Flo enda på 13 nettkjenningar i 2016, og no har han altså allereie opna målkontoen for i år, men han vil ikkje vere for bastant i målsetninga.

– Nei, akkurat kor mange mål det vert, veit ikkje eg, men eg har lyst å score meir enn eg gjorde i fjor.

Vart utsett

Oppgjeret mot Ålesund 2 fekk ei litt spesiell ramme. Kampen skulle eigentleg vore spelt tysdag, men på grunn av tunnelbrannen i Fjærlandstunnelen tysdag vart han utsett til i kveld.

På Fosshaugane gjekk det roleg for seg i opninga av kampen, der den første store sjansen kom like før pause. Sebastian Longva Andreassen kom åleine med keeper i det 42. minuttet, men forsøket hans traff tverrliggaren.

Også heimelaget hadde ei god moglegheit før kvilen. Det var Bakary Traore som då fekk stå og heade, men ballen gjekk til side for mål.

Artikkelen held fram under biletet.

HOPP: Bakary Traore ga Fjøra nesten leiinga før pause men ballen gjekk nokre meter til høgre for målet.

Fekk betalt for tolmodet

– Det var god kvalitet på omgangen, spesielt defensivt. Ålesund slepp ikkje til så mykje og i pausen snakka me om at me måtte vere tolmodig, så ville målet kome, seier trenar Håvard Hatle om dei første 45 minuttane.

Det var akkurat det som skjedde, for etter pausen var det meir trøkk i kampen og begge laga skapte gode målsjansar. I det 59. minuttet suste det også i nettmaskene då Flo sette inn sigersmålet etter godt forarbeid av Kenneth Skjerven.

Det var sjansar til begge lag også etter scoringa, der Fjøra kanskje var nærast eit mål nummer to i kampen.

Dermed kan raudtrøyene juble for tre poeng i årets første kamp. No ventar Spjelkavik på bortebane allereie laurdag.

Kampfakta

Pauseresultat: 0-0
Sluttresultat: 1-0

Stad: Fosshaugane Campus
Dommar: Dan Kåre Esp (Eikerfjord IL)

Mål, Fjøra: Mathias Flo (59)
Gule kort, Fjøra: Henrik Solvoll Navarsete og Joar Robøle Hoberg


Gule kort, Aalesund 2: Sigurd Tafjord

Fjøra

1. Håvard Follevåg Mjelleli
4. Henrik Solvoll Navarsete
5. Joar Tryti
7. Kenneth Blomseth Skjerven
20. Per Eirik Lunde
18. Steffen Olsen (Oddenes 82.)
21. Eirik Kristoffersen (Njøs 80.)
22. Joar Robøle Hoberg
24. Ørjan Hippe Sørflaten 
9. Mathias Flo
17. Bakary Traore (Outzen 90.)

Innbyttarar:

12. Emil Harloff
13. Stian Sælid Njøs
16. Mathias Løken
19. Espen Schøn Outzen
25. Thorbjørn Espevik Oddenes