No kan du oppleve fotball-magien på Porten.no

Foto: Eliteserien.

Porten.no har sikra seg rettigheiter til å vise høgdepunkt frå norsk fotball.

Årdal: I samarbeid med lokalt næringsliv har Porten.no sikra seg moglegheita til å vise scoringar og høgdepunkt frå samtlege kampar i Eliteserien, 1. divisjon, Toppserien og PostNordligaen, samt eit utval kampar i cupen. 

– Det er dette Porten.no handlar om. I fjor utvida me dekningsområdet vårt, og det betyr mellom anna at me skal dekke Eliteseriefotball. Den oppgåva tek me på alvor. Difor skal me gi folk det dei vil ha – sjansen til å gjenoppleve dei gode augneblinka igjen og igjen, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes. 

Ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.
SATSAR: – I fjor utvida me dekningsområdet vårt, og det betyr mellom anna at me skal dekke Eliteseriefotball. Den oppgåva tek me på alvor, seier Truls Grane Sylvarnes.

– Me er ein liten redaksjon. Då vil me ikkje kunne konkurrere fullt ut med dei som er større enn oss enkelte område, men det betyr ikkje at me ikkje har ambisjonar. No vil me fortelje historiene frå toppfotballen i Noreg med eit lokalt blikk.

Sjå scoringane etter kampen er slutt

Når dommaren bles i fløyta, så vil du etterkvart finne scoringane frå Sogndal-kampane her på Porten.no saman med fyldige referat og intervju.

– Men det er ikkje berre Sogndal me kjem til å ha fokus på. Også i 1. divisjon er det fleire frå Sogn som kjem til å få sjansen denne sesongen, der ein kan nevne Truls Hovland i Florø, Kristian Fardal Opseth i Bodø/Glimt og Jonas Heggestad Hestetun i Åsane.

Tilgangen sikrar Porten.no også eit arkiv tilbake til 2006. Det betyr at journalistane kan boltre seg i mykje godt stoff som skal omforedlast til relevant innhald for lesarane.

Artikkelen held fram under biletet.

SJÅ HØGDEPUNKTA: Etter kvar kamp kan du sjå korleis Henrik Furebotn & co klarte seg. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ny plattform å syne seg fram på for næringslivet

– Me er tre journalistar med bakgrunn frå NRK og TV 2, så dette er noko me har drive med. Video er dessutan eit satsingsområde for Porten.no og noko me berre har tenkt til å bli betre på i framtida, seier Sylvarnes. 

– Dette vil også vere ein ny plattform for lokalt næringsliv til å syne seg fram på. Det er fordi bedrifter ser nytten av nettopp det at me vel å satse på dette.

Rettigheitene inneberer sperrefristar, som Porten.no må forholde seg til. På søndagar må me vente til 22.00, medan på andre kampdagar gjeld næraste heime time etter kampslutt. Det vil seie at spelar Sogndal 18.00 laurdag, vil måla vere tilgjengeleg 21.00. 

Porten.no

Les flere artikler fra Porten.no.