No skal han leggje spelarkabalen for komande sesong

Håvard Flo

TRAVEL MANN: Minst fem spelarar har forsvunne frå Sogndal sidan eliteseriesesongen vart avslutta i november. Sportssjef Håvard Flo har ein stor jobb med å tette alle hola.

To spissar er allereie henta, men enno har sportsjef Håvard Flo tre månader på å byggje ein slagkraftig sogndaltropp til seriestarten.

Sogndal:  Spelarlogistikken er med oss kvar einaste dag, seier Håvard Flo. Han sit lettare tilbakelent på kontoret sitt på Campus etter at han nettopp har avslutta nok ein telefonsamtale.

I det heile tatt er det vanskeleg å treffe på sportssjefen utan mobilen klistra til øyret. Gjerne vandrande fram og tilbake på tribuna som overser kunstgraset i Sognehallen. Spesielt no som kabalen skal leggjast for neste sesong. Brorparten av klubbskifta skjer nettopp i denne perioden, i overgangen mellom to sesongar.

Overgangsvindauget opnar formelt ikkje før 8. januar, men Sogndal har allereie signert to spissar i form av danske Kasper Nissen (19) og trønder Bendik Bye (26).

– Akkurat for augneblinken er det ikkje noko konkret å melde når det gjeld nye spelarar, seier Flo.

Les også: Her er kampane til Sogndal i eliteserien 2017
Les også: Slik skal Sogndal bu seg på neste sesong

Ventar på avklaring om Orry Larsen

I november var han i Serbia og Bosnia for å knyte kontaktar og bli kjent med fotballen i området. Han kallar turen nyttig, men har ingen konkrete namn på blokka etter opphaldet.

– Så får vi sjå om det blir nokon spelarar derifrå på eit tidspunkt. Men det er for tidleg å seie akkurat no, seier Flo.

Ex-ålesundspelar, no kontraktslause Peter Orry Larsen er den heitaste kandidaten til å verte nestemann inn dørene på Campus. I midten av desember fekk midtbanespelaren eit tilbod frå Sogndal, men enno har ikkje nordfjordingen bestemt kva som vert neste stoppestad.

– Det einaste eg kan seie er at vi snakkar saman. No er jula unnagjort, så det er naturleg at det blir ei opptrapping for å få ei avgjerd. Men akkurat kva ho blir er det vanskeleg å seie no, seier Flo.

Fem har forlete skuta

Det er nok av spelarar å erstatte. Hannu Patronen, Rune Bolseth, Mahatma Otoo, Ruben Holsæter og Jukka Raitala spelte alle sine siste minutt for Sogndal i avslutningstapet mot Aalesund. 

Samstundes tyder mykje på at Kristian Fardal Opseth vil forsvinne før eliteserien tek til att. Kraftspissen frå Kaupanger klarte ikkje å følgje opp supersesongen frå opprykksåret 2015 og enda det neste med berre to mål på like mange kampar frå start og eit drøss med innhopp. 

– Han er ein av dei som ikkje var så veldig delaktig i året vi nettopp har avslutta. Det er viktig for hans vidare utvikling at han får spele fotball. Så får vi sjå kva som skjer der etter kvart, seier Flo.

Tiande januar er første treninga etter ferien. Då gjeld det å byggje opp forma til serien startar i byrjinga av april. Samstundes er det eit høve for klubben til å teste aktuelle kandidatar på prøvespel.

– Januar og februar, og til dels mars, er månadar vi vil teste ut og sjå på potensielle spelarar, seier Flo.