Opna for å bruke av Tommy-kontoen

Opna for å bruke av Tommy-kontoen

OPNAR OPP: Årsmøtet i ÅTIL opna opp for at idrettslaget no skal kunne bruke av Tommy-kontoen – pengane som har stått urørt sidan Tommy Øren vart seld til Sogndal på slutten av 90-talet. Kasserar Anne Kauppi og leiar Roy Andre Bergerud leia møtet. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

I år er det 20 år sidan Tommy Øren gjekk frå Årdalstangen til Sogndal. Den småpene overgangssummen har sidan stått urørt.

Årdalstangen: Fram til no. Torsdag opna nemleg årsmøtet i Årdalstangen Idrettslag for at ein skal kunne bruke av pengane som sidan slutten av 90-talet har stått og godgjort seg. 

I dag utgjer summen ganske nøyaktig 1 million kroner. Det er ein tredjedel av det idrettslaget har på bok.

– Komiteen som skulle styra den kontoen har ikkje vore aktive og er ikkje med i styre og stell i dag, og då tenkjer me at pengane kan brukast til utvikling, så no skal me mellom anna bruka dei for å sleppa å søkje om bankgaranti til billotteriet, forklarar kasserar Anne Kauppi.

Aktivitet og utvikling

Den gongen vart det valt ein komité som skulle styra den kontoen, men komiteen har ikkje vore aktiv. Sidan dei vart valt på eit årsmøte, måtte det eit årsmøte til for å oppheva den. Det vart samrøystes bestemt torsdag.

– Det er ikkje noko poeng at me skal byggja opp ein enorm eigenkapital. Det er greitt å kunne forvalte pengane me har sjølve, og dei skal brukast til aktivitet, utvikling og eigne prosjekt, seier leiar i ÅTIL, Roy Andre Bergerud.

Årsmøtet gav også klarsignal til at idrettslaget kan ta opp eit lån på inntil 600.000 kroner til kjøp av ny buss. Etter å ha seld den eine av to i fjor, har dei no berre éin.

– Og den ryk ganske ofte og har mange kilometer bak seg. Det er over ti år gamal. Me har sjekka litt opp i prisar, og me må sjå kva nivå me skal leggje oss på. Det er kjempeviktig med buss. ÅTIL har vore ein føregangsklubb på dette området, og det skal me halde fram med, seier Kauppi.

Ønskjer tettare samarbeid

Forutan å gå gjennom årsmeldinga til dei ulike aktivitetane, vart også den moglege samarbeidsmodellen for handballen som ein no ser på inn mot IL Jotun diskutert. Bergerud seier dei ønskjer eit tettare samarbeid.

– Det er eit godt samarbeid i mange grupper, seier han.

– Ja, det er ingenting å utsetja på det. På trenar-, oppmann, og spelarnivå er det ingenting å seie, men me kan bli flinkare til å forankre og formalisere ting på leiarnivå, legg Kauppi til.