Opseth går til Bodø/Glimt på lån

Kristian Fardal Opseth

FÅ OPPTURAR: Martin Ramsland gratulerer lagkamerat Kristian Fardal Opseth etter kampen mot Lillestrøm i mai der kaupingen scora sitt første eliteseriemål. Foto: arkiv.

For to år sidan skaut han Sogndal opp i eliten, no skal Kristian Fardal Opseth gjere det same for Glimt.

Sogndal: Sogndal Fotball stadfester i dag på sine heimesider at dei er einige med Bodø/Glimt om ein utlånsavtale for Kristian Fardal Opseth fram til sommaren.

– Det har vore rift om Kristian sine tenester og me har hatt mange henvendingar frå klubbar i det siste, fortel sportsleg leiar Håvard Flo til nettsida.

Les også: No skal han leggje spelarkabalen for komande sesong

Med 16 mål på 26 kampar var Opseth ein av dei store spelarane då Sogndal rykka opp til Eliteserien for to år sidan. I fjor vart det derimot berre to mål og to kampar frå start.

Løpsterke spelarar som Ole Amund Sveen og Martin Ramsland gjekk foran i køen og etter sesongen har Sogndal i tillegg skaffa seg to nye spissar i danske Kasper Nissen (19) og trønder Bendik Bye (26).

Les også: Bakke hentar målfarleg spisstalent frå Danmark​
Les også: Sogndal har signert ny spiss

Sportssjefen håpar Opseth brukar det komande halvåret til å få ny fart på karriera.

– Kristian treng å få godkjensla tilbake, og me håpar at han vil sørge for at publikum på Aspmyra får ein kjekk vårsesong, seier Flo.