Øy og Førde vidare i cupen

Øy og Førde vidare i cupen

VIDARE I NM: Edin Øy og Førde er klar for 2. runde i cupen etter å ha stått for dagens cupbombe. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Edin Øy og Førde stod for dagens cupbombe då dei slo ut sjølvaste Brann frå NM.

Førde: Den tidlegare Årdal-spelaren spelte frå start på midtbana og fekk 67 minutt mot eliteserielaget då dei gjesta Hafstadparken i Førde onsdag kveld. 

Han måtte dermed sjå den nervepirrande avslutninga på kampen frå sidelinja. 

Det var nemleg ein skikkeleg neglebitar av ein kamp. Etter at Førde sjokkerte Brann med ein god start på kampen, heva gjestane frå Bergen seg nokre hakk i 2. omgang, men ein strålande Christian Bjerke mellom stengene til Førde heldt unna.

Til full tid stod det 0-0, og kampen måtte avgjerast på straffer. Der bomma Bismar Acosta på Branns andre straffe. Førde derimot, sette alle sine, og då Markus Attila sette siste i mål, kunne Øy og resten av førdianarane juble for avansement til 2. runde i NM.

Øy har dermed fått ein fin start på karriera i 2. divisjon etter debuten mot Fana og tidlegare lagkamerat Jonas Hestetun i helga. Øy er på utlån frå Sogndal, og skal vere det ut juni.