Sigra i årets siste heimekamp

Sigra i årets siste heimekamp

LUGGENES I LUFTA: Andrea Luggenes noterer seg alltid for nokre scoringar. Her aukar ho leiinga til Jotun/Årdalstangen i 1. omgang mot Eid i det som var årets siste heimekamp. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No vil tida vise om Jotun/Årdalstangen-trenar Olafur Sveinsson blir med på reisa vidare. 

Jotun/Årdalstangen – Eid 26-17

Årdal: I det som kan vere Olafur Sveinsson sin siste heimekamp som Jotun/Årdalstangen-trenar leverte jentene ei brukbar førestilling mot Eid, som ligg nest sist på tabellen. 

Islendingen sin kontrakt går ut etter sesongen og klubben har varsla at dei ikkje kjem til å halde fram med å ha betalt trenar så lenge ein er på eit nivå som ein no er i 4. divisjon.

– Om denne nesten evige historia held fram, får tida vise. No har eg vore her i fem år, noko som er ganske lenge for ein trenar, pluss to år frå før, så eg nærmar meg ti år i Jotun. Men eg håpar handballen i Årdal bestemmer seg for at vil meir enn 4. divisjon, så får tida vise om eg er med på den reisa vidare, seier han.

– Har meir inne

Det gjekk opp og ned i møtet med Eid søndag, men Jotun/Årdalstangen var stadig i leiinga. I siste sekundet snappa Linn Løvdahl ballen og fekk auka til ei tremålsleiing 14-11 til pause. 

Heimelaget storma ut frå start etter kvilen og brått var det fem mål som skilte laga. Halvvegs i omgangen var leia dei raude og grøne med sju, og då klokka viste 30 minutt, var forskjellen på laga på ni mål.

Artikkelen held fram under biletet.

SISTE? Jotun/Årdalstangen-trenar Olafur Sveinsson er på utgåande kontrakt etter fem år i klubben – totalt sju. Om han trenar laget neste sesong, vil berre tida vise, seier han.

– Me var best på bana, men eg meiner me har eit betre nivå inne. Me er litt sløve på enkelte ting, rotar litt i angrep og gjer nokre urutinerte avgjerder. Me scora knapt på ti minutt i 2. omgang, det er ikkje bra nok. Samstundes er det masse fine ting å plukke ut, seier Sveinsson. 

Sikra seg plass i toppen

Jotun/Årdalstangen har med dagens siger så godt som sikra seg 2. plassen i serien, men det skal eit mirakel til for å ta 1. plassen frå Sogndal, som framleis ikkje har tapt ein kamp. Med to kamper meir spelt har årdølene fire poeng opp til dei kvite og svarte.

No ventar tre bortekampar for Jotun/Årdalstangen som avslutning på sesongen. Sogndal skal i aksjon torsdag mot Bjørn. Vik er neste motstandar før nettopp Jotun/Årdalstangen kjem på besøk i det som blir den første av deira tre siste bortekampar. Sveinsson meiner han har sett utvikling i laget denne sesongen.

– No må me halde fram den gode utvikling og bli meir stabile. Me bryt litt for ofte ut av arbeidsoppgåver fordi enkeltspelarar har lyst til å score mål eller gjere noko som ikkje er innanfor rammene av det me har avtalt på førehand, men me har gjort eit bra arbeid ut frå forholda.

PS! Både Syril, Bjørn, Sogndal 2 og Aurland har vore i aksjon denne veka. Kampen mellom Syril og Bjørn enda 28-28. Aurland tapte 15-29 for Førde 2, medan Sogndal 2 tapte knepent 25-26 for Florø 2.