– Snill utanfor bana, men ein terrier i kamp

Håvard Flo og Eirik Schulze

NØGD: Sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, er godt nøgd med å ha sikra seg Eiric Schulze i tre sesongar. Sørlendingen kjem frå Sandnes Ulf. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Slik skildrar sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, den nysignerte sørlendingen.

Sogndal: – Me er veldig glade for å få Eirik til Fosshaugane. Han er ein løpssterk og hardtarbeidande midtbanespelar som er ung og har ambisjonar, seier sportsleg leiar Håvard Flo på Sogndal Fotball sine nettsider.

Eirik spelte for moderklubben Mandalskameratene før han i 2012 gjekk til Viking. Der fekk han tre kampar i Tippeligaen, den eine var mot Sogndal då siddisane vann 4-1 på Viking Stadion.

Turen gjekk så vidare til Strømmen, der han spelte under trenar Espen Olsen i to sesongar. I Strømmen hadde han stor tillit og spelte 58 obligatoriske kampar og noterte seg for 10 nettkjenningar. 

– Vil gå fint inn i gruppa

I fjor spelte han i Sandnes Ulf. Det vart 31 kampar og 3 skåringar for dei lyseblå. Avtalen med Sogndal er signert og strekkjer seg ut 2019-sesongen.

– Eirik er ein fin type, snill utanfor bana, men ein terrier i kamp. Han vil gå fint inn i den gruppa me har her no, fortel Flo.

Mandalsguten kjenner godt Martin Ramsland frå før, og gler seg til å ta fatt her i Sogndal.

– Eg kjem hit for å etablera meg som eliteseriespelar. Eg har ambisjonar om å spele meg inn på laget, seier Schulze.