Sogndal stiller med fem mann i benkpress-NM

Gullkandidatar frå Sogndal

STYGGE PLANAR: Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete er alle gullkandidatar for Sogndal i benkpress-NM i helga. Dag Andrè Mo og Nils Espeseter er òg heite kandidatar til edelt metall. Foto: arkiv.

Kan gå mot medaljefangst av dei sjeldne om alt klaffar.

Sogndal: Til helga er det NM i benkpress i Lillestrøm. Idrettslaget Kraftsport er arrangør og 145 deltakarar har meldt seg på, blant dei fem kraftkarar frå Sogndal IL:

Fredrik Eskil Myrvang stiller i 59-kilosklassen for seniorar, Roger Navarsete, Tommy Navarsete og Dag Andrè Mo i 93-kilosklassen for seniorar og Nils Espeseter i 105-kilosklassen for veteranar.

Roger Navarsete har god tru på medaljar i alle tre klassane.

– Fredrik tek nok rekord og gullmedalje, berre han treffer på førsteløftet. I 93-kilosklassen skal det mykje til for at det ikkje står Sogndal IL på første, andre og tredje, viss alle får godkjente løft. Eg er litt usikker på forma til Nils, men er han heldig, så kan han snike seg til ein tredjeplass han òg, oppsummerer Navarsete.

Les også: Denne trioen har skumle planar før NM 

Sjølv har han køyrt kroppen hardt i det siste og er på ingen måte i den beste forma før meisterskapet. 

– Men det er planlagt. VM i slutten av mai er då eg skal vere på topp. NM vil gje ein liten indikator, men den skikkelege oppkøyringa startar etterpå, seier Navarsete.