Porten.no med ny podcast

Truls og Ole etter innspeling av den nye podcasten.

NY PODCAST: Porten.no testar ut radioverda med ein splitter ny podcast, der saker som Porten.no har omtalt er tema. Foto: Porten.no.

Hydrogenfabrikk, CWD og handballen i Årdal er tema.

– I Porten.no prøver me å finne på nye ting som kan gjere produktet vårt betre. Difor prøver me oss no på ein podcast, seier redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Tanken er at ein gong annankvar veke skal Porten.no lage ein slik podcast på rundt halvtimen der journalistar og kanskje gjestar snakkar om saker som har vore omtalt på Porten.no den siste tida.

– Me håpar at me då kan vise ei litt anna side av oss sjølve, forklare og fortelje, og rett og slett diskutere saker, slik me faktisk gjer kvar dag, men då er jo ingen som høyrer oss.

Du kan når som helst klikke deg inn og høyre lydsnutten når det måtte passe deg. 

– Dette er ein test frå vår side, og me treng sikkert nokre slike før me byrjar å finne formelen som fengar. I mellomtida vil eg be alle som høyrer på om å gi oss innspel, gjerne på ein hyggeleg måte, til kva som kan bli betre eller kva dei gjerne vil høyre om til neste gong, seier Sylvarnes.

Denne gongen er det Sylvarnes og journalist Ole Ramshus Sælthun som er tilstades. Hydrogenfabrikk, CWD og handballen i Årdal er tema.

Podcasten har førebels ikkje fått noko namn, så har du eit godt tips til kva han kan heite, send det inn til oss på tips@porten.no, legg igjen ein kommentar i kommentarfeltet, eller stopp oss på gata og fortel det til oss. 

Porten.no

Les flere artikler fra Porten.no.