Folk i Sogn: Gamleskulen

Folk i Sogn: Gamleskulen

– Mykje av dette ville jo vorte kasta om me ikkje kunne tatt i mot det.

– Alt det her har me fått hjå folk. 

Eit stort rom i andre etasje på Gamleskulen i Øvre Årdal er fullt i alle mulige typar julepynt.

– Mykje av dette ville jo vorte kasta om me ikkje kunne tatt i mot det.

Svnahild Jellestad himlar med augene.

– Det er jo heilt sjukt. 

Svanhild Jellestad jobbar frivillig på Gamleskulen nokre dagar i veka. Ho tykkjer folk er flinke til å bruka butikken. Foto: Ådne Dyrnesli.

Svanhild er pensjonert, men er ei av dei som arbeider som frivillig på Gamleskulen. I det gamle huset frå 1918 finn ein eit rikt utval av møblar, elektronikk, servise og pyntegjenstandar. Dei har også eit eige barnerom med klede og leiker.

– Alt er sortert og sett i system, så det skal verta enklare for folk å sjå kva me har, seier Svanhild medan ho viser meg rundt. 

Gamleskulen er godt utstyrt med julepynt, her finst noko for ein kvar smak. Foto: Ådne Dyrnesli

Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter vert drifta av Frivilligsentralen i Årdal. Dei har eit tett samarbeid med NAV, i tillegg til dei som arbeider frivillig.

– Det er jo mange forskjellige folk, noko som gjev oss ein vanvittig kompetanse, forklarar Steinar Drægni som er dagleg leiar.

Folk vert kjend på tvers av alder og bakgrunn og får moglegheit til å utveksla erfaringar. Då Gamleskulen starta opp 23. august 2014, fekk dei ei prøvetid på to år frå kommunen. For nokre veker sidan fekk dei beskjed om at dei kunne halda fram. Frå politikarane fekk dei berre lovord.

– Eg har ikkje tru på «ein plass å vera», det er ikkje det Gamleskulen er, men ein plass der ein kan arbeida.

Det sosiale er viktig på Gamleskulen. Frå venstre: Preben Raudi, Erik Vikersveen og Tina Haugen. Foto: Ådne Dyrnesli

På Gamleskulen er det full aktivitet. Nye ting vert levert og andre ting skal ut i butikken eller leverast til kundar. Gamleskulen både hentar og leverer i Årdal. Inne på eit av bakromma vaskar og sorterer Svanhild og dei andre frivillige restlopper etter loppemarknaden på Årdal vidaregåande skule. Gamleskulen har ein avtale med dei: Dei stenger butikken den helga det er loppemarknad mot at dei får restloppene. 

– Me er kanskje verdas mest ryddige bruktbutikk, fekk eg fortalt på bakrommet. Alt er sortert for å gjera det enklare å finna fram. Foto: Ådne Dyrnesli.

Eg spør Henry Henriksbø, som er arbeidsleiar på Gamleskulen, kva han tykkjer er det beste med jobben.

– Alt, alt er det beste med jobben.

Han tek ein liten pause.

– Og så folka, det at det er så mykje bra og forskjellige folk her.

Kong Olav held eit vakent auga med sorteringa på bakrommet. Dei frivillige styrer sjølv arbeidslistene sine. Foto: Ådne Dyrnesli.