Folk i Sogn: Jon-Herman Hegg

Folk i Sogn: Jon-Herman Hegg

Alle foto: Ådne Dyrnesli.

Jon-Herman Hegg er oppvaksen på familiegarden Hegg i Lærdal. Han går andre året på skytelinja ved Norges Toppidretsgymnas i Kongsvinger, der han trener i tillegg til å ta vanlig studiespesialiserande.

– Det er jo det å få det til som er målet, og det som gjer det gøy å driva med.

 Jon-Herman satser på skytingen, og har gjort det godt i fleire nasjonale konkurransar.

I gangen står det mange pokalar og utmerkingar som tilhøyrer far til John-Herman, medan han har sine på guterommet. Begge foreldra til John-Herman driv med skyting, og det var naturleg for John-Herman å starta med det. 

– Eg begynte så vidt i fyrsteklasse, når eg var seks år gamal. I fjerde klasse reiste eg på fleire stemner og starta å trena litt meir. Så har det jo vorte endå meir seriøst no etter at eg begynte i Konsvinger.

Nokre av medaljane til Jon-Herman.

John-Herman trener fleire gongar dagleg, halvanna time obligatorisk før skulen og ofte eit par timar etter skulen. Han fortel at det går omtrent hundre skot i løpet av ein trening. 

– Nokre gonger er det automatisering, at me skyt mange skot på kort tid. Andre gongar er det tilnærma konkurranseskyting, eller at me fokuserer på stillingen og å gjera alt rett.

Skytebana på Kanan ligg berre ein liten spasertur frå barndomsheimen på Hegg.

Han har vunne Landsskytterstevnet tre år på rad, teke nordisk laggull og i forgje NM fekk han tre medaljar. No trener han fram mot uttak til EM og VM.

– Det vert å halda fram treningen, både fysisk og med skytingen. Også prøva å legga opp formtoppen til uttaksstemnet. Foreløpig ligg eg godt ann.

Etter vidaregåande ser han for seg at han kanskje skal flytta til austlandet for å halda fram med skytinga, men på lengre sikt ynskjer han å ta over familiegarden på Hegg.