Folk i Sogn: Lasse Sælthun

Folk i Sogn: Lasse Sælthun

Alle foto: Ådne Dyrnesli.

Lasse Sælthun er leiar i Elveigarlaget, ein ivrig laksefiskar og han har vore ein pådrivar for Villakssenteret i Lærdal. 

– Det er jo det å kunna gå ut i naturen og langs elva, som eg kjenner veldig godt og har eit godt forhold til. Og så sjølvsagt det å få laks då, haha, du hadde vel ikkje fiska om du ikkje hadde fått laks. Spenningen når fisken bit på og du skal få fisken på land. Det kan vera dramatisk. Spesielt her oppe som det er litt meir ulendt og steinete, då kan det vera endå litt meir spanande enn i ein rolig høl lengre nede i dalen.

Lasse Sælthun ved ein av mange hølar langs Lærdalselva.

Lasse er oppvaksen på familiegarden i Lærdal, rett ved elva. Fiske har vore ein viktig del av gardsdrifta opp gjennom åra. Både som matauk og som rekreasjon.

– Eg har jo fiska laks sidan eg var ein neve stor, tok fyrste laksen då eg var ti år gamal. Eg er sånn som passar på å alltid ha litt lakseelv til eige bruk om sommaren, det er ikkje så mange i Lærdal som har faktisk, dei leige stort sett ut.

Kjellarstova er innreia med gamalt fiskeutsyr.

Ei av dei beste fiskeopplevingane til Lasse var ein sein kveld i august for nokre år sidan.

– Det er jo ikkje laks ein gong. Eg stod oppi ein høl her og fiska med floga etter sjøaure. Det var ein fredagskveld. Plutseleg fekk eg på ein fisk heilt i skumringa. Eg hadde veldig tynn sen, så eg måtte vera forsiktig. Fisken gjekk ut frå meg og ned i neste høl. Eg sprang etter, og måtte heilt uti så eg vart klissblaut. Det vart mørkt, og eg hadde med meg hovudlykt, men batteriet var dødt. Enden på visa var at eg måtte setta meg på ein stein og venta på at det vart lyst.

Huset til høgre vart bygd som fiskarhus i 1922, medan det mindre huset til venstre var hovedhuset på garden. I dag er det motsett.

– Eg trudde det skulle verta lyst rundt halv fire, men det vart ikkje lyst før ho var halv fem. Då vart det eit sværa sprang med fisken att, men klokka fem fekk eg han på land. Omtrent fem timar etter eg fekk han på kroken. Det var ein sjøaure på 7 kg. Så blaut og lukkeleg trur eg aldri eg har vore.

Rekordfisken til Lasse er på 21,5kg. – I rettferds namn så må eg seia at den fisken var veldig enkel å ta opp i forhold til mange andre. Sånn sett var det ikkje noko spesielt, eg trudde ikkje han var så stor før eg fekk han på land faktisk.