Folk i Sogn: Marianne Supphellen

Folk i Sogn: Marianne Supphellen

Alle foto: Ådne Dyrnesli.

– Eg trur det er viktig for folk at dei opplever det litt som ei skattejakt. Sjølv om me sorterer og set på plass bøkene så trur eg folk tykkjer det er spanande å leita.

Marianne Supphellen er ein av to tilsette ved bokbyen, etter å ha arbeidd mange år som sommarhjelp.

Marianne Supphellen starta som sommarhjelp i Bokbyen i Fjærland då den opna i 1996. Ho er oppvaksen i Oslo, men flytte til Fjærland då faren vart direktør på Bremuseet. No er ho dagleg leiar i Stiftinga Den norske bokbyen.

– Det er jo ei lita bedrift, så du gjer alt frå å vaska vindauge til å styra med rekneskap og årsmeldingar.

Når Bokbyen opnar 1. mai, vert det liv i dei mange ulike lokala i Fjærland.

Før vegen kom til Fjærland var Mundal eit naturleg sentrum, med ferjekai, postkontor og bank. Då vegen kom vart ferjekaien lagt ned, og mange av lokala vart ståande tomme. Claus og Kari Kvamme var sentrale i oppbygginga av bokbyen. Dei hadde vore i Wales og sett verdas fyrste bokby, og tenkte dei kunne få til noko liknande i Fjærland.

– Det einaste som avgrensar oss no, er at me ikkje har nok lokale. Det er pussig, for her stod det verkeleg mange tomme lokale. Kontoret her var jo venterommet til ferja.

– Det er veldig mange bøker her som ikkje finst i antikvariat. Tanken er at kvar bok har ein kjøpar, og at ho er viktig på grunn av det. Det er ikkje opp til oss å velja kva som er viktig.

I tillegg til boksal driv bokbyen ein bokkafé og turistinformasjon. Dei er avhengig av reiselivet for å overleva, og har eit tett samarbeid med dei andre aktørane i bygda. 

– Det er noko med å gjera noko ein brenn for, ikkje berre bøker, men sjølvsagt Fjærland óg. Eg tykkjer Fjærland er kjempefint. Eg ynskjer at folk skal oppleva det.

Gamle leksikon er gjort om til dekorasjon på scena i bokbyen.

Marianne peikar på at det kulturelle er veldig viktig for utdanning og refleksjon. Kunnskapen i bøkene forsvinn ikkje, og bokbyen prøver å gjera den mest mogleg tilgjengeleg. Ho tykkjer bokbyen passar godt inn i levemåten i Fjærland.

– Det er kanskje enklare å nå fram her, enn om du hadde vore forstyrra av mykje støy rundt deg.