Havrerundstykker til julelunsjen

Havrerundstykker til julelunsjen

Desse rundstykkene er ein sikker vinnar på lunsjbordet - og du lagar dei på 1-2-3!

Til 20 rundstykker treng du:

- 800 gram havregryn
- 8 egg
- 2 store beger cottage cheese (2 x 420g)
- 2 ts bakepulver
- 1 ts salt
- 1 ss kardemomme

Framgangsmåte:

Set steikeomnen på 200 grader
1. Bland havregryn, bakepulver, kardemomme og salt i ein bolle
2. I ein annan bolle blandar du saman egg og cottage cheese med stavmiksar
3. Tilset dei tørre ingrediensane i eggeblandinga og miks saman

Form deigen til rundstykker og steik på bakepapirkledd steikebrett midt i omnen, cirka 20 min.

 

Rundstykkene er naturleg fri for gluten.