Topp kondisjonen med dette programmet

Topp kondisjonen med dette programmet

Kom i gang att etter ferien med Vibeke sitt kondisjonsprogram!

Då var det tilbake til kvardagen att! I tida framover kjem eg til å legge inn ein ekstra innsats for å spisse kondisjonen og løpeformen min, og eg tenkte å dele treningsprogrammet eg har sett opp. Eg trenar meg opp mot Wings for Life World Run, men du treng ikkje å trene mot eit spesifikt løp for å følge programmet. Bruk det som inspirasjon eller varisjon til treninga di ☺

No er det 5 veker att til løpet, eg har nemlig allerede gjennomført veke 1 på programmet. Desse vekene har eg igjen delt opp i 3 periodar:

Veke 1 og 2: Her er fokuset på mengdetrening. For at kroppen skal klare å løpe langt må den bli vant til lengre distansar og lengre økter. Eg har også supplert med lengre intervalløkter for å øke hjertets pumpeevne (betre kondis), og styrkeøkter for å styrke sentrale muskelgrupper. Dette er lurt for å betre teknikk, det gjer det lettare å løpe med sterk muskulatur + du held deg skadefri!

Veke 3 og 4: I denne perioden har eg også lagt inn hurtige langkøyringar for å venne kroppen til å løpe i eit hurtigare tempo og for å bli vant til å løpe med høg puls over lengre tid. Variasjon til intervallane er også lagt inn, med ein liten overgang mot litt hurtigare intervallar.

Veke 5 og 6: 2 veker att! Her skal formen spissast. Eg har sett opp mest intervall- og styrkeøkter i denne perioden fordi kroppen skal fylle opp energilagera og ikkje bli utslitt av lengre økter.  Hurtige intervallar er tidsbesparande, og det aukar hurtigheit og hjertets pumpeevne utan å tømme kroppen heilt for energi. Nokre hurtige langkøyringar har eg teke med for å unngå at kroppen skal få heilt sjokk på løpsdatoen den 8. mai ☺ Målet er energioverskot ved slutten av perioden, slik at kroppen kan yte sitt beste når det gjeld!