annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Klart for årets tur - Utladalen rundt

28.07.2010 09:54:28

Vettisossen (Foto: Årdal Turlag)

Til helga kan du bli med Årdal Turlag Utladalen Rundt - ein klassikar for ivrige turgåarar.

 

 

Foto: Årdal TurlagTuren startar på Hjelle og går inn Utladalen til Vetti, opp Brendeteigen til Stølsmaradalen.

  

 

 

- Allereie her får me ein fin forsmak på kva turen vil gje oss av utsikt og naturopplevingar. Frå denne sida av Utladalen har ein panaoramautsikt til Vettisfossen og Vettismorki med Stølsnostind, Falketind og Hjelledalstind i bakgrunn, seier leiar i Årdal Turlag, Olav Kjell Moen. 

 

 

 

 Vettisfossen er Nord Europas høgaste frie foss med sine 275 meter. Den fyrste overnattinga er i to sel i Stølsmaradalen, som er DNT sjølvbetjent. Det vil sei at ein må ha med sovepose,eigen mat og drikke.

 

 

 

-Ein må ha med mat og drikke som rekk til ein kjem fram til middag på Skogadalsbøen laurdag kveld, seier Moen.

 

 

 

Ei perleRast på toppen av Friken med utsikt mot ”Storen” og Hurrungmassivet Tor Ove Hestetun, Terje Øren og Steinar Frosta.Foto Årdal Turlag

 

 

 

 Stølsmaradalen er ei perle, ein plass ein må vitje om ein er glad i fjell og natur. Den gamle stølen ligg nydeleg til i ein blomster- og graskledd dal, med flott utsikt til tindane omkring.

 

 

 

Neste dag går turen via Midtmaradalen, Kyrkjestigen, og Vormeli til Skogadalsbøen (populært kalla berre Bøen), der det vert ny overnatting.

 

 

 

-Vormeli er ein gamal buplass med ein spennande historie, som ligg aude til langt inne i Utladalen. Frå Vormeli til ”Bøen” går me anten via Gjertvassbøen, eller om tilhøva tillet det, så tek me over brua nedanfor Vormeli og går Bjødnaskori opp til Bøen, seier Olav Kjell Moen.

 

 

 

Skogadalbøen er ei betjent DNT-turisthytte. Der får ein servert 3-rettars middag og dei har alle rettigheitar. Frukost og niste på søndag morgon før ein går vidare.

Søndag går turen over Friken til Fleskedalen, Vettismorki og vidare til Vetti og Hjelle.

Ein får ved fleire høve flott utsikt til dei høgaste toppane i Hurrungane og i deler av Jotunheimen.

 

 

 

Utladalen Rundt er å rekne for ein tung tur, så ein bør vere i rimeleg god form. Turen startar fredag 30. juli og vert avslutta søndag 1. august.

 

 

steinar@porten.no

 

 

Foto: Årdal Turlag

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Klart for årets tur - Utladalen rundt
Innhald Til helga kan du bli med Årdal Turlag Utladalen Rundt - ein klassikar for ivrige turgåarar....
Melding til mottakar