Vidar Ruud er heilt klart ein av landets fremste tolkarar av Mark Knopfler sin musikk.
Måten han kopierer legenden og helten sitt gitarspel på er rett og slett ”outstanding”. Til våren får han høve til å spele i lag med ein av Knopfler sine fremste medmusikantar gjennom mange år. Stort og spennande for gitaristen frå Årdal.
-Dette er veldig inspirerande, og ei skikkeleg drivkraft som eg på sikt håpar kan føre til større ting, seier ein sært glad Vidar Ruud til Porten.no.
På heimebane
Ruud og Phillips spelar med fullt band i Oslo 4. mai, på Ricks i Bergen 5. mai. I tillegg på heimebane under Fjord til Fjell i Årdal laurdag 9. juni. Vidare har sjølv ordna alt for at samarbeidet med Phillips gikk i boks. Både med omsyn til sponsorar og garantiar.
-Eg kontakta Phillips sin manager via epost, der eg lufta ideen om eit samarbeid. Han la det fram for Phillips som verkeleg tende på ideen. Seinare har me møtt kvarandre i Bergen, og kom verkeleg godt overeins, fortel Vidar.
Notting Hillbillies
Steve Phillips og Mark Knopfler innleia allereie i 1968 eit samarbeid. I fem år spelte dei på lokale pubar med ”The Du