annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Stinn brakke for Ruud og Phillips

11.06.2007 09:34:45
Vidar Ruud og Steve PhillipsVidar Ruud, Steve Phillips og resten av bandet groova skikkeleg, og ga full trøkk for eit feststemt publikum i teltet på Årdalstangen laurdag kveld.

Steve Phillips-Good evening Årdal, it`s nice to be here, sa Steve Phillips då han gikk på scena i teltet. Og "nice" vart det verkeleg. I det flotte sommarveret kom over 800 personar for å høyre Vidar Ruud, Steve Phillips og det tettspelande bandet gi bånn gass. Og la det vere sagt, publikum fekk skikkeleg valuta for pengane. Heilt tydeleg var musikarane godt førebudde, der både Ruud si tolking av "Money for nothing" og andre udødelege Dire Straits låtar traff publikum midt i hjarta. Samarbeidet mellom Ruud/Philips og medmusikantane, med "groovande" bass/ trommer og ein feit Hammond lyd i botn sat skikkeleg bra. Når du og har ein gitarist som i tillegg beherska både mandolin og steelgitar, ja så vart det heile veldig bra. Steve Philips, har lang fartstid som musikar. Kanskje er han mest kjent gjennom eit langt samarbeid med Mark Knopfler. I Årdal framsto han som spelesugen, humørfull, jovial og med eit godt grep om publikum. Phillips verkeleg storkosa seg. Mannen gir alt når han er på scena - det vere seg konsert i ein eller anna storby eller i eit telt på Tangen. Slikt gjer gode musikarar.

På heimebane

Vidar Ruud var sjølvsagt i toppslag, og har gledd seg lenge til å spele i lag med Phillips på heimebane.

-Dette var veldig kjekt, noko også Steve har gitt uttrykk for. Han er og godt nøgd med bandet, og utelukkar ikkje eit vidare samarbeid, seier Vidar Ruud til Porten.no. Publikum fekk levert varene, og var tydlegvis veldig nøgd med det dei fekk høyre. For på dansegolvet var det trangt om plassen heile kvelden. Også Frank Eldegard i Reisemål Årdal er godt nøgd.

-800 betalande er veldig bra, eg var nøgd når me "bikka" 700, seier Eldegard etter at sentrum på Tangen er rydda etter Fjord til Fjell dagar i strålande ver.

-Me har ein godt drilla frivillig stab som legg ned ein stor arbeidsinnsats for at arrangementet skal bli så godt som mogleg, seier Eldegard som og rettar ei stor takk til kommunen for godt samarbeid, seier Eldegard.

 I teltet: Steinar Kvigne

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Stinn brakke for Ruud og Phillips
Innhald Vidar Ruud, Steve Phillips og resten av bandet groova skikkeleg, og ga full trøkk for eit feststemt publikum i teltet på Årdalstangen laurdag kveld....
Melding til mottakar