Svelgen TIF har gitt ut ei historiebok som blant anna handlar om symjesporten der Jotun og ÅTIL var dominerande.
- På 60-talet var det STIF og Jotun IL som var dei dominerande klubbane i Sogn og Fjordane. Og dei to klubbane besøkte kvarandre ofte, til tross for at reisetida ein veg var rundt 10-12 timar på den tida. Kanskje vil ein del årdøler synest det er interessant å lese om symjehistoria i Sogn og Fjordane, seier Frank Nyland i STIF til Porten.no
Boka "Heia STIF!" omhandlar tidsepoken frå stiftinga i 1930 fram t.o.m. 1999.
Bilete her er frå eit symjestemne i Øvre Årdal rundt 1966, der STIF er eit av stafettlaga på bildet. Kanskje lesarane ser kven andre som er på bilete? Eller kanskje sit du med "gamle foto" som kan vera interessante frå storheitstida til Jotun og ÅTIL?
Historieboka om Svelgen TIF
Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) i Sogn og Fjordane har gitt ut historieboka ”Heia STIF!”, som omhandla idrettslaget sine 16 særidrettsgrupper frå stiftinga i 1930 fram t.o.m. 1999. Svømmegruppa sin del av boka omfattar 37 sider, og inneheld mange bilder.
Boka fortel om utviklinga av symjesporten på ein liten stad med rundt 1500 innbyggjarar, men også om utviklinga i symjesporten i Sogn og Fjordane.
På 60-talet var STIF og Jotun IL dei dominerande symjeklubbane i Sogn og Fjordane. Øvre Årdal og Årdalstangen hadde sine flotte utandørsbasseng, men Svelgen hadde det første innandørs-bassenget i fylket. Det var som regel STIF og Jotun som arrangerte KM, og for å kom frå Øvre Årdal til Svelgen, og omvendt, tok det rundt eit halvt døgn i reisetid ein veg. Og det var som regel svelgarar og årdøler som styrte Svømmekretsen på 60-talet.
Les meir nokre utvalde historiar frå symjedelen i boka her:
Symjing Alle inntekter frå boka går til idrettslaget STIF.
Les litt meir om historieboka om Svelgen TIF
(publisert: Siren B. Svortevik siren@porten.no)