- Det lover bra, sjølv om det er midt i veka. Så eg er ikkje redd for besøket, i alle fall ikkje no i turistsesongen, seier innehavar Kjell Grøthe mellom alle bitane med røykelaks han pakkar inn til kundar på opningsdagen.
- Vil koma meir
I den nye bui er det mellom anna spekemat frå Valdres, Hemsedal og Aurland, fruktjus frå Balestrand, geitost frå Undredal, grønsaker, frukt, bær og naturlegvis røykjelaks frå Lærdal.
- Her vil det verta meir og meir etterkvart. Me satsar på å få inn produkt frå alle produsentar av gardsmat i Sogn, samt frå Indre Buskerud og Hordaland, fortel Grøthe.
Sognabui skulle ha opna noko tidlegare i sommar, men når den no fyrst opna, var det også temmeleg fullt i den nesten 100 kvadratmeter store butikken.
- Den er vel nittini komma nittini kvadratmeter. Grensa for å halda søndagsope er hundre, ler Grøthe, som altså også held ope kvar søndag.
I tillegg til utsalet av matvarer, skal det koma til eit varehotell med mellom anna ein hengehall for mottak av slakt. Også eit utsal med varer retta mot hotell, restaurantar og fiskeriindustrien der det i fyrste omgang vert satsa på vakuummaskiner med tilhøyrande plast, vil koma.
- Alt dette skal vera klart i løpet av august, avsluttar Grøthe.



Tekst og foto: Ole Ramshus Sælthun, ole866@gmail.com