Arrangøren av Nynorske Litteraturdagar har fått stortingsrepresentant og nyvald leiar av Løvebakken Mållag til å opne årets litteraturdagar i Aurland. Dette er ein festival som set fokus på bruk av nynorsk. Kjende og ukjende forfattarar, humoristar og musikarar kjem til Aurland for å slå eit slag for identitet og dialekt. I år går arrangementet av stabelen 30.oktober – 1.november.
- Vi er svært nøgd med at Ingrid Heggø har takka ja til å foreta den offisielle opninga. Som sogning og leiar i Løvebakken Mållag er ho bevisst på å halde fast ved dialekten sin, og styrkjer på denne måten nynorsken si stilling generelt i samfunnet, seier prosjektleiar for Nynorske Litteraturdagar Arve Tokvam.
I tillegg til Heggø vil også Oddvar Torsheim, Birger Meland, Olav Stedje og Tove Bakke delta på opninga.
Skapar liv i haustmørket
Nynorske Litteraturdagar er eit arrangement i regi av Aurland kommune, og sidan oppstarten i 2006 har besøkstala auka for kvart år. Festivalen er med på å skape liv i ein elles roleg haustsesong, og viser at ein liten kommune som Aurland kan få til mykje.
steinar@porten.no