Skyttarstemne i Aurland, Tønjum, Knipenborg og Farnes samstundes, set store krav til skyttarane og ikkje minst til arrangørane som skal samordne dei ulike stemnene. Jarle Offerdal i Tønjum skyttarlag seier dei har fått mange gode tilbakemeldingar frå skyttarane, å ha fire stemner med relativt kort reiseavstand trur han er vegen å gå.
Elektronikken til stor hjelp
I eit så stort arrangement er ein avhengig av at elektronikken fungerer. Frå alle banene var det livevisning, slik at folk kan sitje på nettet å fylgje utviklinga til dei ulike skyttarane.
- Resultata sprett opp på veggen i opphaldsrommet bak standplass straks kula treff skiva. Live vising av heile konkurransen på Farnes skyttarlag si heimeside fungerer perfekt fortel Bjørn Indrebø, dette er noko vi prøver ut i samarbeide med Årdalsnett. Ein kan sitte heime å følgje med «på direkten». Dei siste som får resultatet er skyttarane sjølve. - Det neste blir at vi kan skyte heimefrå, seier Johan Kauppi med eit smil.
Sigurd Hatlenes har vore skyttar i meir en 20 år, og fortel om ei rivande utvikling på tryggleiksida. Eit tydleg regelverk skal forhindre ulukker. Alle våpen vert sjekka etter bruk før skyttarane får reise seg å forlate standplass.
Dugnadsarbeid
Store arrangement krev mykje dugnadsinnsats frå medlemane i dei fire skyttarlaga. Laila Irene Røneid er ei av dei, ho står bak disken i kafeen til Knipenborg skyttarlag på Årdalstangen. Ho har vore i skyttarmiljøet i ei årrekke, men mest som dugnadarbeidar. Men årleg skyt ho med mål om å vinne «Damenes pokal» på Loi. Laila fortel at skyttarlaga låner ut våpen til dei som vil prøve om dette er ein idrett å satse på. Skyttarlaga har og etablert ordningar der en kan kjøpe brukt utstyr.
Både Knipenborg og Farnes skyttarlag har flotte anlegg inne i fjellhallar, som og er tilfluktsrom. Også i Lærdal og Aurland har dei no svært gode og moderne anlegg for innandørsskyting.
Mykje god skyting
- Dette har naturleg nok også mykje å bety for rekrutteringa til skytesporten, seier Jarle Offerdal i Tønjum skyttarlag. Det viser seg at interessa for å bli med på skyting no er svært stor i alle desse fire skyttarlaga. Eit visst samarbeid er det også, ikkje berre med omsyn til å arrangere stemner, men og når det gjeld kursing av unge skyttarar.
Stemnene i helga lokka mange skyttarar frå eige fylke, men og frå Bergen/Hordaland og Hallingdal var det som tok turen ti Indre Sogn.
- Mange gode resultat, og stor spreiing i alder er gledeleg. Dette viser at skyting er ein sport der alder ikkje er noko hinder for å vere med, seier Offerdal.
Vel blåst til dyktige arrangørar i Årdal, Aurland og Lærdal.
Resultatliste Tønjum
Resultat Farnes
Resultat Knipenborg
Fleire bilete her
Tekst: Steinar Drægni/Steinar Kvigne
Foto: Steinar Drægni/privat foto