annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Leik og moro på Seimsåsen

08.02.2010 09:08:16

Stor aktivitet på Seimsåsen

 

 

 

Born og unge hadde ein kjempeflott utedag i storslegen natur

Kom deg ut – Årdal Turlag si oppmoding om å bruke søndag 7. februar til å nyte den fantastiske naturen på ”aosen” slo godt an. Det er den Norsk Turistforening står bak kampanjen  ”Kom deg ut” dagen, eit flott tiltak mange har latt seg freiste av i det strålande vinterveret.

 

- Det var mange både små og store som møtte sol og blå himmel på Seimsåsen søndag.  Etter ein skitur i freistande og flott preparerte løyper, var det tid for aking, graving av snøhole og leik i snøen, seier Ann Karin Hæreid i turlaget.

 

Miniquiz og premieringJohan Nes, John Martin, Dagrun Valaker, Tor Sivert.

 

49 aktive ungar svarte på Barnas Turlag sin miniquiz, og kom til standen for velfortent premie. Dei fleste veit no kven Turbo fjellrev er. 

 

- Foreldre, besteforeldre og andre såg ut til å kosa seg i finvêret, og støtta fint opp om arrangementet. Og med nytt panneband, drikkekopp eller sitjeunderlag, er det ikkje nokon sak å bli med på Barnas turlag sine arrangement utover året, seier Hæreid.

 

Steinar Kvigne

steinar@porten.no

 

Privat foto

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Leik og moro på Seimsåsen
Innhald       Born og unge hadde ein kjempeflott utedag i storslegen natur...
Melding til mottakar