I fjor og året før skapte mildveret så store problem at Sognemeisterskapen vart avlyst. I derimot har vinteren vore perfekk for skeisefolket, og laurdag leverte arrangøren Lærdal idrettslag skikkeleg god naturis til dei vel 30 deltakararane, med aldersspriing frå 7-8 åringar til sogndøl og superveteran Tore Sviggum. 77 åringen som deltok på sitt fyrste Sognemeisterskap i 1952 leverte solide løp både på 500 meter og 1500 meter. Treningskamerat og lagkompis Johan Johannessen (67) viste at også han framleis har teknikken i orden.
Visepresidenten på plass
Utflytt årdøl, Frode Bøhm som no bur i Stavanger, er visepresident i Norges Skøteforbund. Laurdag var han på plass i Lærdal, mellom anna for å fylgje dottera Marit sine prestasjonar på isen. Bøhm er imponert over den innsatsen skeisegruppa i Lærdal legg ned.
- Breiddeidretten er sjølve grobotn i skeisesporten. Lærdølene jobbar svært godt, og er heilt klart ein modell for andre klubbar. Elles kjenner sjølvssagt forbundet godt til planane for kunstbane i Lærdal, seier Bøhm. Han seier dei har eit mål om ei kunstisbane i kvart fylke, og at Lærdal peikar seg naturleg ut for Sogn og Fjordane.
- At nabobygdene allereie har løyvd midlar til eit slikt regionalt anlegg er kjempebra, seier Bøhm.
Tøffe duellar
Leiar i skeisegruppa Tor Anders Offerdal er godt nøgde gjennomføringa av arrangementet, gode istilhøve over lang tid har mykje å seie for rekrutteringa til sporten.
- I år har det vore kjempebra, seier Offerdal. Som sjølvsagt ser fram til at kunstisbana vert ein realitet.
Det vart mange tøffe duellar på naturisen i Lærdal. Johnny Offerdal oppnådde 44,5 på 500 meter og 2,26,3 på 1500 meter.
- Eg bra nøgd med den lengste distansen, elles var løpa ei god gjennomkøyring til Sandefjordløpet om 14 dagar, seier Johnny.
Av veteranane er det verd å merke seg den gode 500 meter tida til Finn Hauge som kom i mål på 43.1. Evigunge Kåre Øyri merkar etter kvart at ungdomane han har trena i mange år for alvor pustar han i nakken. I sameløp med junioren Andreas Natvik måtte han verkeleg slite for å ta heim parsigeren. Natvik sette personleg rekord med 20 sekundar, og var berre halvsekundet bak Øyri i mål.
Neste gong kan det vere motsatt, me vågar påstanden at Kåre Øyri i så fall tykkjer det vil vere svært kjekt.
Fleire foto frå Sognemeisterskapen
Resultatlister
Steinar Kvigne
steinar@porten.no