annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Lærdal Entreprenør AS er konkurs

08.02.2010 14:10:56

Trond Øyen Einemo

 

 

 

Dagleg leiar i selskapet, Trond Øyen Einemo, seier til Porten.no dei har snudd alle steinar for å finne moglege løysingar, utan å ha lukkast.

 

-Banken stengde oss fredag, på grunnlag av dette vedtok styret å begjere selskapet konkurs, seier Einemo.

 

 

Dette betyr heilt stogg i arbeidet frå i dag (måndag). Lærdal Entreprenør as har i sluttfasen hatt 19 1/2 stillingar, av desse ni polske medarbeidarar. For dei tilsette som no går ut i arbeidsløyse er NAV fyrste instans. Elles er det opp til kvar og ein å skaffe seg anna arbeid.

 

Trond Øyen Einemo seier det er fleire grunnar til at selskapet no vert lagt ned.

 

- Det er eit uttrykk som heiter mange bekkar små gjer ei stor å, så det har vel utvikla seg over tid. I fjor haust hadde selskapet ein akkord som den gongen berga os. Men me har eigentleg aldri kome oss skikkeleg til att etter det som då skjedde, seier Øyen Einemo. Me har snudd alle steinar som er mogleg å snu, men når bøkene framleis viser raude tal, må me rett og slett leggje inn årane før det går ytterlegare ut over kundar og leverandørar.

 

Verksemda sitt kontor- og lagerbygg er ikkje eigd av Lærdal Entreprenør as, og difor ikkje råka av konkurs.

 

- Det er LEAS som eig bygge, dette firma er ikkje råka av konkursen, men me er heilt avhengig av leigeinntekter for å halde gåande, seier Øyen Einemo.

 

Kva han sjølv skal drive med i tida som kjem er førebels uvisst.

 

- Eg har rett og slett ikkje bestemt meg. Aller skal fyrst skal eg roe ned litt, og tenkje meg grundig om. For meg er det viktig å halde med noko eg verkeleg har lyst til, seier Trond Øyen Einemo.

 

Steinar Kvigne

steinar@porten.no

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Lærdal Entreprenør AS er konkurs
Innhald       Dagleg leiar i selskapet, Trond Øyen Einemo, seier til Porten.no dei har snudd alle steinar for å finne moglege løysingar, utan å ha lukkast.   -Banken stengde os...
Melding til mottakar