Sjeldan har det vore så mykje folk på eit årsmøte i Lærdal arbeiderparti som i år. Og hovudgrunnen var kven som skulle ta over som leiar etter ordførar Arne Sanden, som hadde sagt frå seg attval.
Arbeiderpartiveteranen Aarethun var av valnemnda innstilt som ny leiar, frå salen kom det benkeframlegg på Hadle Blikra, som på førehand sjølv har tilkjennegjort sitt kandidatur. I debatten ga fleire sterkt uttrykk for at dei ikkje ville ha Aarethun som leiar av partiet. Mellom anna Aslaug Grøttebø.
- Knut O. Aarethun har etter mitt syn ikkje dei haldningar ein bør forvente av ein leiar i partiet, sa Grøttebø, og viste til ei mykje omdiskutert frådelingssak på Tønjum.
- Her har han påvirka saka i motsatt lei, eg ber valnemnda finne ein meir samlande kandidat enn Aarethun, sa Aslaug Grøttebø. Gerd Berit Tønjum støtta heller ikkje Aarethun, og var samd med Grøttebø. Ho meinte Aarethun med sitt nettverk og tyngde i denne saka hadde dreve lobbyisme som var illojalt mot lokale prosessar.
Knut O. Aarethun ville etter møte ikkje kommentere desse uttalane. At Lærdal arbeiderparti etter valet framstår som splitta er det ingen tvil om, det viktig no vert å ha politikken i fokus gjennom gode debattar både i gruppa, styret og i medlemsmøte.
Revitalisering
I samband med årsmeldinga vart det opna for debatt. Hadle Blikra tok ordet, og gjennom eit 20 minuttar langt innlegg tok han til orde for ei revitalisering av partiet, få større breidde blant dei tillitsvalde var etter hans syn svært viktig for å skape politisk engasjement.
- Eg ynskjer meg eit lokalparti med medlemar som vil ha og tek styring, sa Blikra. Og meinte det var ei dårleg løysing at ordførar og leiar i partiet var ein og same person.
- I dag står me ved eit vegval, kva vil partiet framover. Me må ha meir openheit, legge til rette for politisk engasjement i eit spennande program som gjer det interessant for ungdom å delta, sa Blikra. Han ville ha politiske organisering og utvikling på dagsorden. Blikra la heller ikkje skjul på, med klar adresse til ordføraren, at det i enkelte saker og spesielt i budsjettprosessen gjekk for fort føre seg, soloutspel var uheldig, og informasjonen ut til medlemane i partiet alt for lite tilgjengeleg. - Dette skal ikkje kunne skje i ein politisk organisasjon som arbeiderpartiet - eit parti med ei grunnhaldning som set medlemane sine meiningar høgast av alt, sa Blikra.
Møteleiar Arne Sanden ville ikkje kommentere dette, men sa han ville ta det opp med Blikra ved eit seinare høve.
- Eg må likevel sterkt beklage til årsmøte at eg ikkje innførde taletid i samband med denne debatten. Dette er misbruk av årsmøte si tid, sa Sanden.
På årsmøtet fekk Jan Tore Hovland (medlem i 40 år), Olga Kvamme (40) og Harry Haugen (20) merksemd for mange års medlemsskap i partiet.
Styret i Lærdal Ap er no samansett slik; Knut O. Aarethun - leiar, Eva Hage Solstad - nestleiar, Leif Aasen - kasserar, styremedlemar Finn Gram, Dagrunn Valaker, Hallvard Trohaug og Randi Aarethun. Varamedlemar; Mona Grøttebø, Siv Rysjedal, Inger Bakken, Eirik Sognnes Haugen og Karin Moen.
Steinar Kvigne
steinar@porten.no