Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg la fram tre alternative kuttframlegg då styret i helseføretaket, ordførarane i fylket og helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen i dag var samla på Sunnfjord hotel til dialogmøte. Det melder NRK.
Styret går inn for å oppretthalde Sentralsjukehuset, medan lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal vert gjort om til distriktsmedisinsk senter. Dette innber at det ikkje vert sengepostar og at den forsterka fødestova i Lærdal og fødeavdelinga ved sjukehuset på Eid vert lagt ned.
Helse Førde sitt framlegg skal sendast ut på høyring med frist 18. april.
- Det er tre modellar vi sender på høyring. Det er viktig å få sagt at det er ein reell høyring, der vi vil gå nøye alt gjennom alt som kjem inn før vi bestemmer oss. Men av dei tre modellane, anbefalar vi den modellen med eit sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, seier styreleiar Clara Øberg til NRK.
steinar@porten.no