Bergensturen forrige helg ga to sigrar og fire poeng til Jotun sitt 2. divisjonslag. Dette har ført laget opp på andreplass på tabellen. I midten av veka spelte Stord og Fana uavgjort, eit resultat som passa Jotun godt. Trenar Øyvind Indrebø har eit avslappa forhold til tabellsituasjonen, fokus er kun retta mot kampen laurdag, der laget møter Sotra.
- Dette laget tapte me mot på bortebane før jul, og er difor veldig sugne på å revansjere oss. Heilt sidan før jul har me hatt veldig god flyt i spelet vårt, og det er viktig at me opprettheld intensiteten både i angrep og forsvar. Skal me halde fram den gode flyten, er det kun ein ting som gjeld - beinhard jobbing over heile linja, seier Indrebø.
Dei fem siste seriekampane spelar Jotun i Årdalshallen, noko både damene og trenarteamet ser fram til.
- Publikum i Årdal er fulle av entusiasme, og gjev oss ei støtte mange andre lag misunner oss, seier Indrebø.
God stemning i laget
Til kampen mot Sotra har trenaren alle spelarane tilgjengeleg.
- Ja, det er status før siste trening. Elles er humøret og stemninga i laget veldig god. Me gler oss alle til kampen mot Sotra laurdag, seier Øyvind Indrebø.
steinar@porten.no