annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Hallvard Seim regionmeister i styrkeløft

05.03.2010 13:36:12

 

Hallvard Seim i aksjon

 

 

Solid innsats av IL Jotun sine kraftkarar i Bergen

 

Martin S. Vee, Jan Åge Øy, Hallvard Seim, Arild Kråkenes og Kristian NatvikSist laurdag deltok Martin S. Vee, Hallvard Seim, Kristian Natvik, Jan Åge Øy og Arild Kråkenes frå IL Jotun styrkeløftklubb i regionstemne i styrkeløft og benkpress i Bergen.

 

 

Arve Otto Nundal i styrkeløftklubben seier stemna i Bergen hadde brei deltaking frå dei fleste klubbane i Sogn og Fjordane, Rogaland, Hordaland og frå Møre.

 

 

 

Seim på toppen av pallen

 

 

 

Nundal er godt nøgd med innsatsen til dei lokale løftarane, som var ei god gjennomkøyring til NM om tre veker.

 

 

- Ja dette var kjempebra, og spesielt Hallvard Seim som vann 125 kilo klassen. Han oppnådde 280 kilo i markløft, 200 i knebøy og 190 i benkpress, seier Nundal. Hallvard prøvde seg og på 300 kilo i markløft, men det vart i tyngste laget denne gongen.

 

- Men han var veldig nær, hadde han strekt ut beina litt meir så hadde løftet blitt godkjent, seier Nundal. Han meiner Seim har 300 kilo og kanskje endå meir inne.

 

 

Sterkt av VeeMartin S. Vee

 

 

Også Martin S. Vee gjorde ein formidabel innsats i Bergen. Ungguten som fyller 17 år i august, vart nummer to i sin klasse, med 155 kilo i knebøy, 120 i benkpress og 220 i markløft. Kristian Natvik lyfta 220 i knebøy og 280 i markløft.

 

 

- Veldig bra av desse ungdomane, seier Nundal. Og rosar det gode miljøet dei har i styrkeløftgruppa i idrettslaget.

 

 

- Heilt topp, og veldig kjekt at det no er fleire yngre som ynskjer å vere på styrkeløft, seier Arve Otto Nundal.

 

 

Den rutinerte styrkeløftaren seier at dei og stilte med eigen domar til stemna i Bergen.

 

- Anne Ølnes Hestetun dømde for fyrste gong etter at ho før jul gjennomførde domarkurs i Sogdal. Ho gjorde ein kjempejobb, og fekk skryt av forbundsleiinga for umerka og god dømming, seier Nundal

 

 

I samband med at klubben i år er 25 år vil dei arrangere sognestemne i byrjinga av mai. Men allereie om tre veker kraftkarane delta i NM.

 

 

 

 

Steinar Kvigne

 

Privat foto

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Hallvard Seim regionmeister i styrkeløft
Innhald       Solid innsats av IL Jotun sine kraftkarar i Bergen...
Melding til mottakar