Det var på dagens strategimøte, mellom anna med helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen til stades, at styreleiar Clara Øberg la fram tre ulike alternativ til framtidig sjukehusstrukur i fylket. Samstunds slapp ho katta or sekken - styret går inn for å oppretthalde sentralsjukehuset i Førde, medan sjukehusa i Lærdal og Eid vert gjort om til distriktsmedisinske senter.
Øien Hauge er naturleg nok skuffa, men nektar å gje opp.
- No må me fyrst få summe oss, og studere premissane for framlegget, seier Bente. Ho legg ikkje skjul på at delegasjonen frå Forsvar Lærdal sjukehus reagerer sterkt på framlegget frå Øberg & co.
- Alt som i dag liknar på eit sjukehus blir vekke, meininga er at kommunane skal overta mange av desse funksjonane. Kommunane vert her ein salderingspost for å løyse Helse Førde sin vanskelege økonomiske situasjon, seier Bente Øien Hauge.
-Eit distriktsmedisinsk senter vert marknadsført som ein betre modell, at kvaliteten på tenestene blir betre når ein tek ned nivået, skurrar skikkeleg i mine øyrer, held Øien Hauge fram.
Med Helse Førde sitt framlegg vil akuttberedskapen forsvinne ved Lærdal sjukehus. Dette vil ha store konsekvensar for folk i Indre Sogn.
- Ikkje minst vil akuttpasientar frå Årdal få ein mykje lengre veg enn dei har i dag, seier Bente Øien Hauge til Porten.no
Steinar Kvigne
steinar@porten.no