Han seier dette er dramatisk, og ei stor omstilling både for dei tilsette og for Lærdal kommune.
- Dette er vel i realiteten den største utfordringa me nokon gong har stått framføre, seier ordføraren. Sanden seier han var klar over at det er behov for omleggjingar for sjukehusstrukturen i fylket, men hadde von om at sjukehustenestene i Lærdal kunne vera på plass også etter ein prosess som dette.
Ei omleggjing slik styret i Helse Førde legg opp til vil føre til at all akuttberedskap forsvinn frå Lærdal sjukehus, inkludert ortopediklinikken.
Strategidokumentet inneheld tre alternativ; tre lokalsjukehus, sentralsjukehus og to distriktsmedisinske senter, og eit alternativ med Sentralsjukehust som einaste sjukehus i fylket.
Politisk arbeid
Strategidokumentet er no ute på høyring til 18. april, Sanden seier det no må politisk verksemd til.
- Me må sjølvsagt arbeide knallhardt for å avgrense konsekvensane mest mogleg. For vår del er det i fyrste omgang akuttberedskapen og ortopedien me har fokus på, seier Arne Sanden. Saka vil nok bli grundig diskutert på Arbeiderpartiet sitt fylkesmårsmøte.
I strid med Soria Moria
Kommunalminister og leiar i Senterpartiet seier til Sogn Avis å gjere om lokalsjukehusa til distriktsmedisinske senter er i strid med Soria Moria 2.
– Det er ikkje meir enn nokre månader sidan at dei tre regjeringspartia framforhandla Soria Moria 2 erklæringa, som regjeringa skal styra etter denne fireårsperioden. Då undrar det meg at styret i Helse Førde kjem med eit framlegg til strukturendring, som går på tvers med det me seier i regjeringserklæringa. Nemleg at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, seier Liv Signe Navarsete til SA.
Steinar Kvigne
steinar@porten.no