annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Jotun susar mot kvalikspel

06.03.2010 19:34:34

Lene H. Kvam

Knuste Sotra heile 34-8 i Årdalshallen i kveld, der kontringsraske Lene Kvam vart toppscorar med ti mål. Bortelaget scora berre to mål i andre omgang.

 

Det er vanskeleg å tru at Jotun-damene tapte med fem mål borte mot same lag tidlegare i sesongen. For i dag valsa årdølene over eit heller svakt Sotra-lag.

 

Jotun var oppe i 9-2 etter 12. minuttar spel, og hadde full kontroll frå start til slutt.

 

 

Sotra scora kun to mål i andre omgang

 

Årdølene leika seg med dei blåkledde, og måla hagla inn frå alle posisjonar. Heimelaget var ganske så mykje lettare på foten, og dundra inn fleire kontringsmål med lange presise pasningar framover.Forsvaret og keeper gjorde det umogleg for Stord å koma til i andre omgang

 

Jotun gjekk til pause på stillinga 16-6, og andre halvleik held fram som den første. Men då tetta i tillegg jotnane forsvaret, og let Sotra kun scora to mål, det eine av dei frå straffekastmerket. Med andre ord, Jotun vann andre omgang 18-2.

 

- Det var moro å stå i mål i dag, særleg i andre omgang. Då slapp eg berre inn to mål, og det har eg ikkje opplevd som damespelar før, gliser målvakt Hanne Asperheim etter kampen.

 

 

Nøgd lagleiar

 

Lagleiar Øyvind Indrebø er sjølvsagt strålande nøgd med storsiger.

 

- Eg slepp vel å seie at laget spelte ein svært bra kamp, men skal eg trekka fram noko negativt, så må det vere at damene ikkje alltid var konsentrerte nok i etablert angrep. Då kunne dei ha scora enno fleire mål.

 

Han tykkjer også at Jotun-damene til tider stod vel lenge i forsvar då Sotra fekk spele lange angrep.

 

Sotra stillte med ein av toppscorarane i 2. divisjon, Birte Linn Dyrdal som måtte kasta inn handkleet i pausen og låg sjuk inne i garderoben i heile andre omgang.

 

 

 

Mest sannsynleg thriller i sesongavslutninga

 

Hege B. Wahlquist og Jotun går ein spennande sesongslutt i møteJotun har no att fire kampar i serien, alle desse skal spelast i Årdalshallen. Neste kamp blir komande helg mot Bjørnar 2.

 

Årdølene er no på fullt høgde med Stord som leiar tabellen, der Stord har fleire kampar spelt. Om både Jotun og Stord avsluttar sesongen utan tap, blir det rein finale i Årdalshallen siste seriekamp i Årdalshallen 27. mars.

 

 

Kampfakta:

 

Kvinner 2. divisjon

 

Jotun - Sotra:  34-8  (16-6)

 

Årdalshallen, laurdag 6. mars

 

Publikum: Ca. 200

 

Jotun:  Hanne Asperheim, Lene Høsøien Kvam (10), Marthe Vee (1), Anita Hestetun (4, 3 på strf), Marianne Stedje Øren (4), Heida Arsenault (3), Vita Mukhina (2), Jannicke Øyre Nundal (2), Hege Bakken Wahlquist (2), Kathalin Zamolyi (3).

 

Scoringar Sotra: Birte Linn Dyrdal (5) og Julie Sønnervig (3, 2 på strf).

 

Utvisningar:   Jotun:  1x2 min   Sotra: 4x2 min

 

Dommarar: Thormod Bendiksen og Øyvind Mikkelsen.

 

 

Tabell, alle resultat, terminliste 2. divisjon kvinner

 

 

(Tekst og foto:  Siren B. Svortevik   siren@porten.no) 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Jotun susar mot kvalikspel
Innhald Knuste Sotra heile 34-8 i Årdalshallen i kveld, der kontringsraske Lene Kvam vart toppscorar med ti mål. Bortelaget scora berre to mål i andre omgang....
Melding til mottakar