Styret føresler nemleg at senteret skal leggast til Sogdal frå 2013, i so fall vil dette føre til ei total avvikling av Lærdal sjukehus.
I Helse Førde sitt strategidokument, s. 28, står det følgjande;
"Modellen er i stor grad tufta på verdien av samlokalisering av interkommunale helsetenester og ambulante tilbod frå spesialisthelsetenesta. Det er naturleg at Helse Førde inviterer kommunane til å ta i bruk areal ved Nordfjord sjukehus som eit integrert, lokalmedisinsk senter. Likeeins kan ein på kort sikt invitere kommunane i Indre Sogn til å nytte bygningsmassen ved Lærdal sjukehus til tilsvarande tenester. På grunn kommunikasjonar og utviklinga i folketalet i regionen bør likevel eit lokalmedisinsk senter for Indre Sogn vurderast lagt til Sogndal innan 2013".
Den siste setninga seier i klartekst at Lærdal skal utfasast etter 2013, og erstattast med ein distriktsmedisinsk senter i Sogdal.
Leiar i Årdal Ap, Hilmar Høl seier til Sogn Avis dette er ei formulering som er heilt forkasteleg, som han er blitt kraftig provosert av. Ordførar i Lærdal, Arne Sanden oppfattar formuleringa frå styret i helseføretaket som ei krigserklæring.
- Det er ikkje relevant for oss i Lærdal å slå oss til ro med det nye innhaldet i lolkalsjukehus all den tid den neste setninga sler fast at Lærdal skal viskast bort frå helsekartet, seier Sanden til SA.
steinar@porten.no