annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Strålande kultur- mønstring i Årdal

08.03.2010 14:26:07

Bad Boys f.v. Mathias Lågøen, Scott Stewart Søvik, Erlend Sæbø og Jesper Lågøen

 

Bad Boys imponerte publikum i Samfunnshuset. Årdal sitt fyrste boyband fekk publikumsprisen på Ungdomens kulturmønstring. 

Knut Olav AlhaugSkal ein dømme ut frå Ungdomens kulturmønstring, er det solid rekruttering til eit frå før godt musikkmiljø i Årdal. I alt 21 musikkinnslag frå scena, og fleire flotte bidrag til kunstutstillinga viser at det gror godt på fleire frontar. 

 

Salen i samfunnshuset vart stappfull då ungdomane gjekk på scena klokka 13 laurdag. Me vågar påstanden at ingen forlet salen før arrangementet var over, for her var det mykje å gle seg over. Eit par timar med god underhaldning frå flinke ungdomar.

Fyrst ut var bandet The Braves - eit tøfft og artig innslag - og imponerande av Knut Olav Alhaug på sekkepipe. Det er neppe mange i vårt fylke som trakterer dette instrumentet. At det er ein ung årdøl er jo heilt konge, og viser litt av breidden. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utviklar segI tillegg til Bad Boys vert desse sendt vidare til fylkesfinalen

 

Fleire av dei som var med på UKM 2010 har delteke tidlegare år. Det var utruleg kjekt å høyre at ungdomane har teke steget vidare, og hatt ei flott utvikling. Det gjeld både dei som spelte instrument og dei som song, og er i fyrste rekkje eit resultat av god jobbing i musikkskulen. Eit svært viktig tilbod til born- og unge i eit lokalsamfunn.

 

Mange gode innslag frå scena, dette er noko ungdomane verkeleg har lyst til og vil vere med på, og med interesse og motivasjon blomstrar kreativiteten. Og scenskrekk er dei heilt blotta for, å stå framføre eit stort publikum og synge i mikrofon er liksom heilt naturleg. Elles er det verd å merke seg at ingen av musikkinnslaga i år bar preg av heavyrock.  Derimot ein del balladar, og spennande innslag med sang/piano, mykje akkustiske gitarar, og fløyte/piano. Dessutan mange utrueleg fine songduettar. For ikkje å snakka om sekkepipa. Elles må og den unge trommeslagaren Aleksander Kinserdal nemnast - kanonbra gjennomført trommesolo med godt utvikla teknikk og rytmikk. Stas.

 

Juryen hadde inga enkel oppgåve med å plukke ut deltakarar til fylkesfinalen, og det vil vel alltid vere slik at ikkje alle er samde med juryen anten det gjeld musikk eller i andre samanhengar.

 

Desse kom vidare; Bad Boys, The Braves, De Jotunheims, Amalie Trio, og Aleksander Kinserdal. Kunst; "Vinter og sommar" av Susanne Kinserdal, "Fullmåne" laga av Lise Røneid Hagen og to arbeid av Lotte Bukve Kjødnes - "bilde frå Årdal" og eit album.

 

Bilete frå UKM 2010

 

Tekst og foto: Steinar Kvigne

 

steinar@porten.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Strålande kultur- mønstring i Årdal
Innhald   Bad Boys imponerte publikum i Samfunnshuset. Årdal sitt fyrste boyband fekk publikumsprisen på Ungdomens kulturmønstring.  ...
Melding til mottakar