Forslaget om å flytte eit eventuelt lokalmedisinsk senter frå Lærdal til Sogndal har naturleg nok skapt stor debatt. No går styreleiar Clara Øberg ut med at helseføretaket ikkje kjem til å føreslå ei flytting det her er snakk om.
- Når skal Helse Førde kunne ha pengar til å byggje opp ein heilt ny institusjon i Sogndal frå grunnen av? Vi går 150 millionar kroner i minus, vi manglar bygningsmasse i psykiatrien, og vi manglar to operasjonsstover, for berre å nemne noko av det vi må ha pengar til, seier Øberg til avisa Firda.
Ei viss uro
Lærdalsordføraren er sjølvsagt glad for ei slik tydeleg avklaring, men er uroa over at nokre av ordførarane i Sogn er for ei etablering i Sogdal. Han er derimot glad for støtten frå naboane Årdal, og ikkje minst at ordførar i Leikanger, Olav Lunden er klar på at eit lokalmedisinsk senter skal leggjast til Lærdal sjukehus.
- Elles er me naturleg nok uroa over dei kutta som strategiplanen legg opp til. Å fjerne medisinsk avdeling og akuttberedskapen er vesentleg endringar i høve dagens situasjon. Det vil bety eit mykje dårlegare tilbod til indresogningane, i tillegg vil mange arbeidsplassar forsvinne, seier Sanden.
Etter ordføraren sitt syn er dette slett ikkje i tråd med Soria Moria2, der det går klart fram at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.
Steinar Kvigne
steinar@porten.no