Ikkje uventa sto Indre Sogn Kunstsenter sentralt då medlemsmøte hadde budsjett og økonomiplan på sakskartet. Etter lang debatt enda det heile med skriftleg avrøysting der ni medlemar stemde nei, medan åtte stemde ja. Dette kunne lett enda annleis, då ein av medlemane, etter at møtet var avslutta ga melding til partileiar Knut O. Aarethun at han hadde røysta feil. Bakgrunn for dette er følgjande: Då møtelyden gjekk til avrøysting, kom Hadle Blikra med framlegg om at dette skulle gjerast skriftleg, noko partileiar Knut O. Aarethun i utgangspunktet sa nei til.
- Dette handlar ikkje om personval, då må me kunne ta dette ved handsopprekning. Alle har klargjort sine synspunkt, eg kan garantere at eg kjem til å helse på folk etterpå sjølv om dei stemmer nei til kunstsenteret. Dette er ein demokratisk prosess, der alle får seie sitt, her bør det vere unødvendig for medlemane å skjule seg bak ein kvit lapp, sa Aarethun. Johan Nes sjekka vedtektene, der deg gjekk klart fram viss ein medlem forlangar skriftleg val så vert det slik. Etter dette sa Aarethun kjapt at då vart det slik, og lappane vart delt ut. Og det var her ein av medlemane misforsto.
- Vedkomande trudde me røysta om det skulle vere skriftleg val eller ikkje, og svara nei til dette, medan røystinga gjekk på ja eller nei til kunstsenteret. Dette vart heilt avgjerande for utfallet, noko eg fullt og heilt tek på mi kappe, seier Aarethun. Han legg til at det gjekk litt for fort i svingane ved avrøystinga. Han vil no be partiet sine folk i formannskapet ta stilling til om styret skal vurdere å halde nytt medlemsmøte om denne saka.
No eller aldri
Før nyår vedtok kommunestyret ei utbygging til 31 millionar kroner, i ettertid kom fram at summen av ulike årsaker ville bli vel 40. Ein har seinare funne innsparingar i prosjektet som no er talfesta til 38 millionar. Måndag hadde byggjenemda møte om kunstsenteret, der dei går inn for utbygging, noko styret i Lærdal Ap og samrøystes har slutta seg til. I prosjektet inngår ombygging av kulturhuset, eit arbeid som allereie er i gang, bygging av kunstsenter og lydstudio. Ordførar Arne Sanden orienterte om finansieringa, og konsekvensane av at ein må låne mellom fem og seks millionar meir for å få fullfinansiert senteret. Vidare kan kommunen gå på ein skikkeleg smell i form av krav frå entreprenørar, viss ein no må bryte allereie inngåtte kontraktar.
- Det er sjølvsagt vanskeleg å seie eit tal her, men at det fort kan bli ein 3-4 millionar er vel ikkje urealistisk, sa Sanden. Knut O. Aarethun sa det var no eller aldri for kunstsenteret. - Mykje pengar er allereie lagt ned, kulturhusdelen må uansett gjerast ferdig, både fylket og private viser stor vilje til å støtte prosjektet. Eg har god tru på at senteret vil bety mykje for å flagge Lærdal som kulturkommune. Desutan har me ein tung aktør som Astrup Fearnley Museet med på laget, sa Aarethun.
Skepsis
Halvard Lunden var skuffa over den måten dette og fleire andre prosjekt i kommune vart gjennomført på.
- Det skjer alt for fort og det er trasig, sa Lunden. Hadle Blikra var heller ikkje komfortabel med denne saka.
- Eg er usikker på i kva grad desse tala er kvalitetssikra. Det er umogleg å beslutte å gå inn for dette når det er så stor usemje mellom tala til rådmann og ordførar, sa Blikra. Jan Steinar Hole var i utgangspunktet positiv, men som hovudtillitsvald kunne han ikkje gå inn for kunstsenteret dersom investeringa fører til at ein må kutte i drifta, gje eit dårlegare tilbod til folk, og kutte i bemanninga. Blikra la til: Mange lærdøler meiner bygging av kunstsenteret ikkje er bra for Lærdal kommune sin økonomi. Det vil bli ei utfordring reint pedagogisk og forklare dette til andre. Han var og klar på at Lærdal hadde mange store prosjekt på gang, dette er utfordrande, kunstsenteret hasta ikkje, det var difor rett å setje på bremsen.
Ordføraren sa Lærdal kommune slett ikkje var så ille stillt økonomisk som mange ville ha det til. Han hadde ein gjennomgang av årsrekneskapen, og la til at det heller ikkje var snakk om å seie opp fast tilsette i kommunen, derimot låg det føre eit kommunestyrevedtak om å starte ein prosess i alle avdelingar med mål å få ned driftsutgiftene.
- Det er noko alle organisasjonar må gjere både private og offentlege, og det trur eg er sunt, sa Sanden.
På spørsmål frå salen om bygging av kunstsentert ville gå på bekostning av ny barnehage sa gruppeleiar i Ap, Jarle Vindedal klart frå om at barnehagen sto fast. Når det galdt senteret var han tydeleg på at det var no eller aldri. Ingrid Thyri sa kunstsenteret slett ikkje var finkultur slik mange ville ha det til, men eit senter for alle.
- Me treng eit fyrtårn som Indre Sogn Kunstsenter, sa Thyri.
Kunstsenter eller ikkje, Sv har sagt tydeleg ja, Høgre, Venstre og Senterpartiet har alle flagga at dei er i mot. I Arbeiderpartiet er det tydeleg stor usemje. Siste ord er neppe sagt i denne saka.
Tekst og foto: Steinar Kvigne
steinar@porten.no