annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Opna nyrenovert skule

11.03.2010 09:11:31

Eva Hage Solstad og Helge Evensen Bjørkum

 

 

Rektor Eva Hage Solstad og leiar i elevrådet Helge Evensen Bjørkum kan ynskje kvarandre og sambygdingane til lukke med eit fantastisk flott skulebygg. Onsdag var entreprenørar, adhoc-utval, og heile bygda invitert til opning og omvising på nye Lærdalsøyri skule

TredjeklasseLærdal kommune har no sluttført tre av i alt fire byggjesteg i renoveringa av skulen på Øyri. Siste byggjesteg er på inne på økonomiplanen frå 2013. Etter ein hektisk ombyggingsperiode, der elevar og tilsette ei tid har hatt entreprenørar og bygningsfolk som næraste naboar, er det meste no på plass. Kun mindre ting står att, og onsdag vart det nyrenoverte skulebygget offisielt opna, fyrst ein bolk for inviterte gjester, deretter opna ein heile skulen for bygdefolket.

 

Skulen er til for elevane, difor var det heilt naturleg at desse fekk vise seg fram på opningsdagen. Elevrådet sto for matservering, medan det frå scena var underhalding av tredjeklassingar, og femte til sjuande klasse. Tredjeklasse med sjølvlaga "rap" til skulen, medan dei eldste framførde Abba-potpurri, og to ulike dansar. Godt levert frå scena i skulen si storstove, og til stor applaus frå publikum.

 

Høg kvalitetProsjektleiar Johnny Skjerping, Eva Hage Solstad og vaktmeister Tor Magne Gjerde.

 

Skulen framstår som ny og moderne. Innbydande, lyse lokale, med nytt interiør gjer dette til ein god arbeidsplass både for elevar og tilsette. Store investeringar i nye pcàr, eit velutstyr kjøken, elektroniske tavler, sløydsal med moderne maskiner viser at Lærdal kommune verkeleg har satsa svært mykje på skulen på Øyri er i toppklassen. Noko svært mange andre kommunar med rette kan misunne oss.

Leiar i ungdomsrådet, Helge Evensen Bjørkum, seier han er veldig godt nøgde med det nye skulebygget. Likedan rektor, Eva Hage Solstad.

 

-Endeleg er denne dagen komen, tredje byggjesteg er i boks. Eg blir meir og meir begeistra av det me no har fått på plass. Dette er eit løft for skulen vår, skuleigaren har verkeleg teke spanderbuksene på, sa Hage Solstad. Ho takk alle for vel utført jobb, og ga ei ekstra takk til prosjektleiar Johnny Skjerping og vaktmeister Tor Magne Gjerde for samarbeidet i byggjeperioden.

 

Fullt i storstova på opninga av nye skulen- Me skal gjere alt me kan for å halde bygge fint og i orden, sa rektor. Ordførar Arne Sanden og fleire med han ynskte lukke til med ny skule. Prosjektleiar Johnny Skjerping hadde ein gjennomgang av byggjeprosessen, takk alle entreprenørar og tilsette ved arkitektontoret Erling Haugen i Årdal. Og nemnde spesielt at ein no vil spare mykje straumutgifter etter den nye kjelen i fyrrommet no servar heile skulen.

 

- Eg tykkjer og det er rett og nemne at me held oss innanfor råma når det gjeld økonomien i prosjektet. Dei eksakte tala er førebels ikkje klare, men så langt me veit kjem det ingen bomber her, sa Johnny Skjerping.

 

Tekst og foto: Steinar Kvigne

 

steinar@porten.no

 

 

 

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Opna nyrenovert skule
Innhald     Rektor Eva Hage Solstad og leiar i elevrådet Helge Evensen Bjørkum kan ynskje kvarandre og sambygdingane til lukke med eit fantastisk flott skulebygg. Onsdag var entreprenørar, adhoc...
Melding til mottakar