-Dette er i strid med vedtektene. På bakgrunn av dette har eg no funne det rett og annulere voteringa. Så får i styret drøfte om det er grunn til å kalle inn til nytt medlemsmøte, seier Aarethun.
På medlemsmøte onsdag vart det føreteke ei votering over kor vidt møte ville gå inn for bygging av kunstsenter no i tråd med samrøystes tilråding frå styret. Som Porten,no tidlegare har skreve vart det litt kaos omkring kor vidt einskulle ha skriftleg røysting både kring saka, og faktisk også om det i det heile var stemning for skriftleg røysting.
- I etter tid kom det fram at ein av dei frammøtte trudde eg la opp til røysting om skriftleg avrøysting og stemde i tråd med det "nei"- altså stemde han nei til noko han ville ha stemd ja til. Eg fekk beskjed om dette så seint at det ikkje vart høve til då å føreta ny votering, seier Aarethun.
Med andre ord var det i realiteten fleirtal i salen for å byggekunstsenteret no.
- Dessutan, og det er kanskje det viktigaste, det sat ein person på møte som på det tidspunktet ikkje var medlem av partiet, som deltok i avrøystinga, seier Aarethun.
Han tek til etterretning at det var eit fleirtal for kunstsentert på møte.
- Eg har difor gjeve beskjed til gruppeleiar og ordførar om å gå for kunstsenteret i tråd med det eit samrøystes styre har gjort vedtak om. Eit tidlegare medlemsmøte har i prinsippet sagt ja til prosjektet, og at dette er ei av dei viktige sakene me gjekk til val på, seier leiar i Lærdal Ap, Knut O. Aarethun.
Steinar Kvigne
steinar@porten.no