Neste helg skipar Dyrevernlaget Indre Sogn til loppemarknad i ungdomshuset på Øyri.
- Kattane vert mata med kvalitetsfor kvar dag av dei som hjelper oss med prosjekta. Alle kattane er sterilisert og kastrert, dette skal og betalast for. Me er dei einaste som gjer noko for desse dyra som har havna i denne situasjonen, seier Randi Aarethun til Porten.no.
Ho meiner det er viktig å vere lar over at dette er eit menneskjeskapt problem. Uansvarlege katteeigarar, som ikkje stereliserar og kastrerar kattane sine, slik at det vert fødde uønska kattungar heile året. Dyrevernlaget har framleis kattar frå i fjor sommar som ikkje har fått seg ny heim, men framleis er i midlertidig heim.
- Denne sommaren vert nok minst like travel som i fjor, det offentlege gjer ingenting for desse dyra, det er kun oss dei har og lita på. Me har inga offentleg støtte, og er heilt avhengige av medlemskap, grasrotandelen, og gåver for og ha pengar til og framleis kunne hjelpa desse kattane me har i omsorgsprosjekt, seier Aarethun.
Loppemarkaden Dyrevernlaget hadde før jul ga om lag 20.000 kroner i kassa.
- Dette er me svært glade for, me håpar at folk kan støtta oss med lopper og denne gongen, og at me på marknaden får kontakt med folk som kan hjelpa oss gje midlertidig heim til huslause kattar, seier Randi Aarethun. Loppemarknaden til Dyrevernlaget Indre Sogn vert skipa til i ungdomshuset på Øyri neste helg.
steinar@porten.no