- Heidi Øvstetun og russen ved Årdal vidaregåande skule gjorde ein flott innsats og samla inn 25 203 kroner under årets Krafttak mot kreft, seier Helene Unneland i Kreftforeningen seksjon Vest.
Dette er Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon, og dei er naturleg nok svært imponert over engasjementet, og takknemlege for innsatsen årdølene har gjort for kreftsaka.
I tillegg takkar Unneland alle som har gjeve eit bidrag til årets Krafttak mot kreft. Dei innsamla midlane går til utprøvande behandling. Meir pengar til utprøvande behandling vil føre til at nye kreftmedisinar og behandlingsmetodar kan takast i bruk raskar Dette vil kome alle kreftpasientar til gode. Utprøvande behandling betyr ein ny sjanse for den enkelte - og betre kreftbehandling for oss alle.
steinar@porten.no