annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Toppar laget med Dumdum Boys

12.03.2010 15:59:43

Dumdum Boys (foto: EMI)

 

Det blir garantert fullt trøkk i Meieriparken når trønderane spelar på MålRock i august. Splitter pine - det blir stas.

Frå før er mange kjente artistar klare for 2010 utgåva av MålRock. Med eit av landets desisdert mest populære band Dumdum Boys på plass toppar det seg.Etter underteikna sitt syn går det mot den mest spennande festivalen i Meieriparken nokon sinne. Dumdum er kjent for å gje bånn gass på scena, med tung lyd, kanonbra sound, fullt trøkk og Prepple si fantastiske stemme. Truleg blir rockarane frå Trøndelag ikkje mindre inspirert når dei får den vakre naturen med fjord og fjell midt i andletet, medan dei auser ut Splitter pine, Boom boom, Enhjørning og resten av låtane dei aller fleste kjenner svært så godt.

 

EndelegOdd Einar Nordheim (arkivfoto)

 

Økonomisansvarleg Katrine Clausen Fredheim i MålRock er kjempeglad for at dei endeleg har fått Dumdum på artistlista.

 

- Me har prøve å få til dette i fleire år, og endeleg i år lukkast me. Dette blir stor stas, seier ho. Men festivalleiinga har endå fleire artistar på lur, og no handlar det om ein ekte årdøl. Odd Einar Nordheim - eller berre Odd - kjem med fullt band til MålRock. Han har tidlegare vore med på festivalen i ulike prosjekt. I august stiller han med eige band, for å spele sitt eige stoff. Knallbra.

 

Både Odd og Dumdum Boys spelar i Meiriparken laurdag 7. august.

 

Salet av festivalpass kan kjøpast på Billettservice frå fyrstkomande måndag, medan salet lokalt startar noko seinare.

 

Steinar Kvigne

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Toppar laget med Dumdum Boys
Innhald   Det blir garantert fullt trøkk i Meieriparken når trønderane spelar på MålRock i august. Splitter pine - det blir stas....
Melding til mottakar