annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Nytt medlemsmøte

13.03.2010 09:47:49
Lærdal Ap vil kalle inn til nytt medlemsmøte om kunstsenteret

Leiar i Lærdal Ap, Knut O. Aarethun seier til Porten.no dei vil ha nytt medlemsmøte i partiet etter at det vart ein del "surr" og mistydingar i samband med avrøystinga i møte sist onsdag. Her vart som kjent resultat 9-8 for å seie nei bygging av kunstsenteret. I etterkant viste det seg at ein hadde røysta feil, og ein annan ikkje hadde gyldig medlemskap. I salen var det difor i realiteten eit fleirtal for bygging av det etterkvart mykje omtala Indre Sogn Kunstsenter.

 

- I samråd med vedtektene og styre sitt syn vil me difor kalla inn til nytt medlemsmøte, når dette vert er førebels ikkje spikra, seier Aarethun.

 

Han legg til at partiet naturleg nok er opptekne av andre saker, og nemner spesielt Lærdal sjukehus.

 

- Eg har hatt kontakt med andre partileiar og Ap-ordførar i regionen og vil i nær framtid kalla inn til eit sonderingsmøte, seier Aarethun.

 

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Nytt medlemsmøte
Innhald Lærdal Ap vil kalle inn til nytt medlemsmøte om kunstsenteret...
Melding til mottakar