annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Held seg garantert i divisjonen

14.03.2010 21:34:54

 

Etter uavgjort og tap i helga, har 3.divisjonslaget til Jotun sikra plassen sin for neste sesong. Det er no umogeleg for årdølene å rykke ned i 4. divisjon.

 

 

Etter to jamne og spennande kampar i helga, ligg Jotun 2 no som nummer fire på tabellen med 17 poeng.

 

Viktig poeng 

 

Laurdag tok årdølene imot bergenslaget BSI i Årdalshallen. Damene låg under med både sju og åtte mål store delar av kampen, men kjempa seg til ein uavgjort etter ei imponerande innatthenting i andre omgang. TrenarAnn Iren Hunderi og Jotun har lagt bak seg ein god sesong Asbjørn Haare er svært nøgd med innsatsen og prestasjonane til laget mot slutten av kampen:

 

- Det at me ligg bak med sju og åtte mål og greier å hente det inn att, viser utruleg bra moral i laget, og dèt er noko me sjølvsagt ser som positivt.

 

Poenget frå uavgjortkampen var akkurat det laget trong for å halde seg i divisjonen og unngå nedrykk.

 

- Så for oss var dette eit svært viktig poeng, seier ein nøgd Haare, som rosar jentene for den enorme innsatsviljen då talde som mest.

 

 

Nøgd trass i tap

 

Spennande vart det også søndag, då jotnane tok imot Fyllingen 2 på heimebane. Også i denne kampen låg årdølene bak med to og tre mål gjennom heile andre omgang, men greidde diverre ikkje å hente inn att leiinga denne gongen.

 

Kampen enda 28-31 til heimelaget etter nokre nervepirrande sluttminutt. Trass i tapet, er Haare framleis nøgd med prestasjonane til laget:

 

- Også i dag viser me ein enorm innsats, og det er noko me tek med oss vidare. Me har ein del skotbom i første omgang og vert liggjande bakpå, og leiinga til Fyllingen vert då vanskeleg å ta att. Og diverre hadde me ikkje marginane på vår side i dag, seier han.

 

 

Mogeleg med opprykk

 

Om eit eventuelt opprykk er Haare varsam med å seie noko sikkert. I avdelinga har dei ulike laga spelt ulikt mange kampar, og i følgje Haare kan alt framleis skje:

- I dag kan det sjå ut som me endar opp på ein fjerdeplass, og det er me nøgde med, me er jo nyopprykka. Elles er det berre å vente og sjå kva som skjer med tanke på eit eventuelt opprykk, avsluttar han.

 

Marita Hestetun har bite godt frå seg på vingenJotun 2 har tre kampar att å spele. Alle desse i Bergen neste helg.

 

 

Kampfakta:  

Jotun 2 - Fyllingen 2

Årdalshallen 14.03.2010

28 - 31    (14-16)

Jotun2: Ann Iren Hunderi, Mari Målsnes, Mette Kleiva(1), Marthe Vee(2), Anita Hestetun(3), Tove Aspeseter(1), Marianne Hestetun(8), Kristina Furebotn(1), Nina Jevnaker(4), Therese Lægreid(4), Janne Øvstetun, Szofia Rezi, Marita Hestetun(4).

 

Porten kjem attende med kamprapport frå kampen mot BSI.

 

Tabell, alle resultat, terminliste 3. divisjon

 

 

publisert: Amalie Lereng

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Held seg garantert i divisjonen
Innhald   Etter uavgjort og tap i helga, har 3.divisjonslaget til Jotun sikra plassen sin for neste sesong. Det er no umogeleg for årdølene å rykke ned i 4. divisjon....
Melding til mottakar