Jarle Offerdal i Tønjum skyttarlag seier dei no har avslutta inneskytinga for i vinter. Krinsstemna, der laga i kommunen kan delta, samla 39 skyttarar, Hegg stillte med ni, medan Tønjum hadde 30 påmelde.
- Det er lenge sidan me har hatt ei slik mønstring av lokale skyttarar, seier Offerdal. Vinnarar av dei største klassane vart Håkon Hunderi i klasse 3-5, Harald T. Bjørkum i eldre rekrutt, Sindre B. Brevik i rekruttklassen og Jonas J. Lysne i klasse 1. Resultatlistene finn du på klubben si heimeside www.dfs.no/tonjum
Feltstemne neste helg
Utesesongen står for tur, med 2 feltstemner i Årdal neste helg. Tønjum skyttarlag skal arrangere feltstemne 18. april
- Her kan også jegrane delta i eigen klasse, eit godt høve til å starte treninga til jakta. Skytinga her vil bli godskreve som prøveserie på jegerkortet, seier Jarle Offerdal.
Steinar Kvigne
steinar@porten.no