annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Korpsmusikk på hotellet

15.03.2010 13:42:31

Oddgeir Øren, Wenche Kulset, Christine Nyheim, Asle Aanes og Merete Kulset

Årdalstangen musikklag inntok restaurant Store Jens på Klingenberg hotell laurdag kveld.

På veg inn snakka Porten med ein tilsett i resepsjonen, og her vart det stadfesta at dette kunne vere første korpskonserten på hotellet nokonsinne.

 

- Vi var spente på korleis det ville gå med lyden, at det ville verte for mykje lyd rett og slett, men annonsar og plakatar var sendt ut så her var det for seint å snu, sa leiar i Årdalstangen Musikklag Arne Harry Seim til Porten.


Han var og spent på om det ville komme folk, men når korpsleiaren kl 17.00 ynskte velkomen til konsert, var restaurant Store Jens heilt full. Porten kan stadfeste lyden var svært bra sjølv om orkesteret aleine tok 20 % av lokalet.

 

Sporty av hotelletErling Eggum får bordfana av Arne Harry Seim

 

- Grunnen til hotellkonserten er at samfunnshuset på Tangen for tida er under ombygging, og at korpset må få «blåse ut litt», og då må vi improvisere, sa nestleiar i laget Oddgeir Øren. Hotelldirektør Erling Eggum fekk bordfana til musikklaget som takk for lånet av huset, sporty gjort av Klingenberg hotell.


Dirigent Anders Mo sette så det heile i gang med salmen «Hogwarths’ Hymn» kjend frå Harry Potter filmane. Så følgde vakre «Bella Notte», melodien vi best kjenner frå scena i Disney filmen «Lady og landstrykaren», spagetti, kjøtbollar og stor romantikk, og korpset greidde dette svært så bra. Det verka ikkje som om orkesteret på nokon måte jobba med å dempe seg, dei var «seg sjølve», og det let svært bra i restauranten.

«The Entertainer» frå filmen The Sting kom med glimrande temposkifte og markerte synkoper.

 

God stemningGodt frammøte til laurdagskonserten


«Kveruletten» ein kvintett beståande av Oddgeir Øren trompet, Wenche Hals Kulset og, Christine Nyheim klarinett, Asle Aanes kornett og Merete Kulset bassklarinett leverte så Suite Classique, (for trio), i 6 satsar. Dette er ein speleglad gjeng som må «ha ut» litt ekstra og som av og til gjer det på denne måten. Seks varierte satsar som publikum tok imot med nikk og smil.

Lærar Christine Nyheim med sin klarinett spelar like godt både i Årdalstangen Musikklag og Øvre Årdal Janitsjar. I tillegg underviser ho i musikk frå 5. til 10. klasse både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Kristine Nyheim og Merete Kulset hadde solistjobbane i den velkjende «Klarinettpolka» og kom seg rimeleg heilskinna igjennom. Ein populær melodi hjå publikum.

 

KlarinettaspirantarJenny Sofie Rudi og Marie Johansen

Atle Romøren med sin Tuba spela «Bassen min» og drog det store instrumentet med imponerande amasjør opp og ned over tre oktavar. Vi høyrde og tydeleg Lee Marvins bassrøyst i det fjerne då Merete Kulset spelte Wandrin’ Star på sin bassklarinett.

 

Merete har kvar tysdag siste året hatt undervisning på klarinett med aspirantane Jennie Sofie Rudi og Marie Johansen dei fekk prøve seg heilt aleine, og dei takla konsertnervene fint begge to. Rekruttering er viktig, og her var to damer ein god erfaring rikare, med heilt nye instrument, og på toppen av alt fekk dei eitt årsmedaljen til korpset. Stor stas.

 

 

 

Samla innsats 27 årTre blad Kulset med samla 27 års fartstid i Årdalstangne Musikklag

 

Wenche Hals Kulset har med seg dotter og son i korpset, eller som mor Wenche seier, det var dottera som drog ho med. Familien henta heim to 10 års og ein 7 års medalje, ein samla innsats på 27 år.

Vi fekk og høyre Sondre Herland Øren spele «Tears in heaven» av Eric Clapton på piano. Han har og delteke på UKM nyleg med sitt pianospel.

Ingen korpskonsert utan marsjar og Hogwarths’ March sat som eit skot. Ingen greidde late vere å trampe takten her. Korpset avslutta med marsjen «Tangingen» som er komponert av Tangingen Asle Aanes. Denne marsjen har i seg alle ingrediensar ein marsj skal ha sa dirigent Anders Mo. Mo nytta og høve til å takke avtroppande kultursjef Steinar Lægreid for at han alltid var tilstades på konsertar som dette.

Dirigent Anders Mo seier at jobben med å dirigere ein så positiv gjeng som dette gjer at ein genererer energi. Mo dirigerer både Årdalstangen og Flåm musikklag, og har lova å halde fram på Tangen eitt år til.

 

Tekst og foto: Steinar Drægni


 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Korpsmusikk på hotellet
Innhald Årdalstangen musikklag inntok restaurant Store Jens på Klingenberg hotell laurdag kveld....
Melding til mottakar