Det skjer mykje med skaparverket om våren og Årdal Gospelkor understreka dette med med songen «He's got the whole world in his hand» til innleiing i sin vårkonsert.
Så kom kjende og kjære vårsongar på løpande band. Alle fugler små de er, Kom mai du skjønne milde og Vårsøg.
Deretter følgde Føytelåt av Geir Tveit, og her fekk vi møte Marit Rørvik som solist.
Det er alltid spennande dette med solistar i Årdal Gospelkor, for dirigenten klarer å få svært mange over denne terskelen.
Kor i vårform
Så kom Kjerringa med staven, og kjerringa var både frisk og klar og flott levert av dei 18 songarane som alle var i svært god form denne kvelden. Dei både song bra, og var smilande og flotte å sjå på.
Berre tre av dei 18 var menn, og dei måtte sjølvsagt jobbe ekstra hardt i eit såpass «framtungt» blanda kor, men karane gjorde jobben, og var absolutt ein høyrbar del av lydbiletet i Farnes kyrkje denne kvelden.
Elizabeth Steward Søvik gjorde ein framifrå jobb som solist med «His name will shine». Søvik la her for dagen eit stort register, og gjekk nærast frå djup tenor til sopran. Svært godt jobba av den røynde songaren som no underviser i song på heiltid i musikk og kulturskulen.
Dirigent Lubertus Brons var óg i vårstemning, som humørfylt og sprudlande konferansier, dirigent, og pianist. Koret fortsette med «Deep River» av Duke Ellington, deretter følgde «Bridge over troubled water» av Paul Simon. Her imponerte den sterkt underbemanna mannsrekka verkeleg. Dei bidrog sterkt til å bygge opp songen til dei heilt store høgdar. Dei tre høyrdest ut som minst 8, stor stemning.
Koret avslutta vårkonserten med «Som barn i ditt hus» og tok så i mot rungande og vel fortent applaus frå eit alt for lite publikum.
Koret har eit utmerka ein manns komp i Odd Sigmund Høl med glimrande gitarspel. Høl har vore ein viktig samarbeidspartnar for koret i ei årrekke.

Dirigenten utfordrar mannfolk
Dirigent Brons stadfestar att rekruttering av menn er eit problem for mange kor i fylket, og at ein rett som det er må improvisere litt med arrangementa. Det hender óg at nokon av altane syng tenorstemme.
«Eg vil utfordre mannfolk i Årdal til å gå litt i seg sjølv i høve dette. Stille krav til seg sjølv om at ein kveld i veka skal eg vere sosial, og vere med på korøving. Dette er jo berre så kjekt», seier ein alltid smilande Brons.
Tekst og bilete
Steinar Drægni
s-dra@online.no
911 88 039